Runde Miljøsenter AS (RMS) har signert ein samarbeidsavtale med Havforskingsinstituttet (HI) der ambisjonen er å etablere ei eiga avdeling med faste tilsette på Runde, skriv HI i ei pressemelding.

Samstundes har RMS og Atlanterhavsparken bestemt seg for leggje til rette for eit tettare samarbeid.

– Vi er godt nøgde med å styrke samarbeidet med både HI og Atlanterhavsparken. HI er eit av dei største marine forskingsinstitutta i Europa med verdsleiande kompetanse. Dette passar godt saman med RMS sin spisskompetanse, seier dagleg leiar Nils-Roar Hareide ved RMS.

– HI har fleire forskingsstasjonar i Noreg, men ingen mellom Tromsø og Bergensområdet. Vi har lenge vurdert å auke forskingsaktiviteten i Møre og Romsdal, og det høver veldig godt inn i vår strategi å etablere ei avdeling på Runde, seier Sissel Rogne, direktør ved HI.

Sjøområda utanfor Runde er eitt av dei mest produktive sjøområda i verda. Mørebankane og Norskehavet er særs viktige leve- og gyteområde for fleire viktige fiskebestandar, slik som t.d. norsk vårgytande sild. På Runde har ein det einaste fuglefjellet i Sør-Noreg og sjøfuglen har ei viktig rolle i økosystemet både langs kysten og ute i havet.