Helge Klungland er tvilling. Det gjorde at interessa for arv og genetisk betyding blei stor. 57-åringen enda opp med å bli professor i genetikk. Det same blei tvillingbroren.

– Me har vore med i ein del tvillingreportasjar i media kan du seie, ler Klungland.

Helge Klungland

Aktuell: Tilsett som dagleg leiar i «Sporbarhet»

Alder: 57 år

Bustad: Fannrem i Orkland kommune

Oppvaksen: Feda i Kvinesdal kommune

Utdanning: Doktorgrad i genetikk hos laks. Professor i genetikk.

Familie: Gift, tre born

No skal professoren sørge for at rømt