Det var i mars i år at Elanco lanserte den nye DNA-vaksinen mot pankrease disease (PD), Clynav, i den norske marknaden. Den første dosen vart likevel selt i desember i fjor, og salet har gått betre enn selskapet venta på førehand.

- Salet har overgått alle forventningar første år. Det er stor interesse i marknaden for vaksinen, og mange har spurt etter den. Me planla for ein roleg start, og har ikkje klart å levere til alle som ville ha. Men me aukar opp produksjonen, og i løpet av året trur eg me skal ha tatt igjen etterslepet, fortel kommersiell direktør for Europa i Elanco, Antonio Ramiro til IntraFish.

15.000 fisk vaksinert i første runde

På Aquaculture UK forrige veke fekk dei fått mange spørsmål frå forbipasserenda, både frå Noreg og Skottland, om den nye vaksinen. I løpet av året vil den truleg også vere tilgjengeleg for kundar i Skottland og Irland.

Ramiro ønskjer ikkje å opplyse salstal for den nye vaksinen, men seier at det er vaksinert fisk i alle regionane der det er registrert SAV-3 varianten av PD i Noreg. 

Ifølgje ei pressemelding Skala Maskon sende ut i februar i år, hadde dei gjennomført den første testen med vaksinen hos Salmar Follafoss, etter at selskapet hadde vidareutvikla sine vaksinemaskinar til å kunne setje vaksinen intramuskulært, der 15.000 fisk vart vaksinert i første runde. 

  • Les også: 

    Trur PD er fortid om ti år

    I veke 7 skulle ytterlegare 400.000 fisk vaksinerast.

    - Den første fisken med den nye vaksinen, vart sett i sjøen i månadsskiftet april/mai. Difor er det for tidleg å seie noko om effekten. Mn me er sikre på at effekten vil vere god. Alle forsøk me har gjort, viser at dette fungerer, og eg trur at ein vil ha kontroll på PD i løpet av ti år. Men det me kan seie, er at tilbakemeldingane frå kundane er at dei er veldig nøgde og tilfredse med vaksinen, spesielt fordi det er lite bieffekt, fortel han.

    Sidan det dreier seg om ei DNA-vaksine, har ikkje selskapet fått gjort fullskala testing med den. Likevel er Ramiro trygg på at effekten vil vere der.

    - Me har ikkje hatt lov til å teste den i fullskala. Men me veit at den er trygg for dyret, miljøet og menneska. Me har testa vaksinen slik at me er heilt trygg på det, Og den vil vere effektiv mot PD. Om ti år vil PD vere fortid. Eg håpar dette er det ultimate verktøyet til å handtere PD, fastslår han.