– Målet vårt er å sikre forskingsprosjektet vårt, samtidig som vi får til ein fredeleg sameksistens med alle som elles brukar fjordområda, seier prosjektleiar Pål Arne Bjørn.

Tek omsyn til fiskarane

Før jul vart det klart at då silda seig inn i fjordane, blei det utfordrande å kombinere fiskeri og forskingsprosjekt.

Difor inviterte forskarane fiskarane til møte, for å diskutere korleis prosjektet kunne avviklast på ein meir smidig måte, skriv HI på sine heimesider.

– No har me gjort endringar slik at me tek omsyn til dei fleste innspela frå fiskarane, fortel HI-forskar Pål Arne Bjørn.