Laksesilda er ein sølvblank, fingerstor fisk, som lever på over hundre meters djup i Atlanterhavet og i norske fjordar. Trass namnet er den ikkje i slekt med laks.

Forskarane bereknar at det stod 15.000 tonn i fiskeriområdet under toktet, skriv instituttet i ein artikkel.

Eit første anslag

— Målet vårt var å mengdemåle laksesild med ekkolodd og trål, og vi har no fått eit første anslag, seier toktleiar Webjørn Melle, som gjennomførte toktet med fartøyet «Kristine Bonnevie»

Anslaget er på 15.000 tonn i toktområdet på om lag 17.000 kvadratkilometer (sjå kart). Toktområdet er bestemt ut frå kor fiskeriet gjekk føre seg i 2019.

Mesopelagisk fisk er rekna som ein stor og ubrukt ressurs. I Nordsjøen er det truleg laksesild som har størst potensial av dei mesopelagiske artane.

Nybrotsarbeid

Melle er tydeleg på at dette er nybrotsarbeid med usikkerheit.

— Vi har mykje å lære om kor fiskane står, korleis vi skal tolke ekkoloddbilda og kva utstyr vi brukar. Vi veit heller ikkje om bestanden er lokal eller om fisk driv inn frå andre stader.

— Men no har vi lagt eit grunnlag til å finne ut meir om vekst og overskot i bestanden. Det er overskotet vi kan hauste av, seier Melle.