Fiskeridirektoratet har no lagt forslag til regulering av selfangsten i Vesterisen og Austisen i 2019 ut på høyring. Høyringsfristen er 15. januar 2015.

Med bakgrunn i tilråding frå forskargruppa på sjøpattedyr foreslår Fiskeridirektoratet at det kan fangstast inntil 26.000 grønlandssel i Vesterisen.

Ikkje fangst av klappmyss

 I tråd med rådet frå forskargruppa foreslår direktoratet at det ikkje vert opna for fangst av klappmyss i Vesterisen i 2019, skriv direktoratet i ei melding måndag.

Kvoten for 2018 er også på 26.000 dyr. Det var berre selfangstskuta «Kvitungen» som deltok i den ordinære sesongen i Vesterisen i år. Fangsttala for grønlandssel (inkludert dyr tatt til forskingsføremål) var: 1218 ungar og 1485 1+ dyr. Russarane hadde ingen fangst i Vesterisen i 2018.

I Østerisen er Norge tildelt inntil 7000 grønlandssel i 2019, same nivå som inneverande år. Det var berre

som deltok i den ordinære sesongen i Austisen i år. Fangsttala for grønlandssel var 21 ungar og 2220 1+ dyr.

Regulering av kystsel

Fiskeridirektoratet la sist veke ut forslag til regulering av kystsel i 2019 og med unntak av ein kvoteauke frå 25 til 32 steinkobbar i Sogn og Fjordane foreslår Fiskeridirektoratet dei same kvotane av både steinkobbe og havert i 2019 som i 2018.

Høyringsfrist for innspel på kystselreguleringa er 13. desember 2018.

Forslaget til regulering av selfangsten i 2019 og rapporten frå forskargruppa er lagt ut på høyringssidene til Fiskeridirektoratet.