Medlemslaga i Sør-Norge har kome til einighet om å samarbeide tettare innafor Samarbeidsrådet Sør sitt område både på tillitsmanns- og administrativt nivå. Dette som i eit ledd for etablering av eit framtidig Sør-Norges Fiskarlag, melder Norges Fiskarlag i ei melding fredag. Laga det gjelder er Møre og Romsdal Fiskarlag, Sogn og Fjordane Fiskarlag, Fiskarlaget Vest og Fiskerlaget Sør.

Fiskarlaget tar sikte på at Sør-Norges Fiskarlag skal vere etablert innan landsmøtet i Norges Fiskarlag i 2021. Dei einskilde kontora skal etter kvart ha ansvar for saksutgreiing av ulike hovudsaksområde for heile regionen, viser Norges Fiskarlag til.

I det framtidige Sør-Norges Fiskarlag skal ein ha fokus på at mannskapsmedlemane skal vere representert i styrande organ.

Fiskarlaget opplyser at når det gjeld Fiskarlaget Midt-Norge, får ein eventuelt kome tilbake til nærare samarbeid når dei har avklara si organisering internt.