Neste veke skal fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik møte EUs nye fiskerikommisær Virginijus Sinkevičius i Brussel.

- Eg ser fram til å møte den nye EU-kommissæren for miljø, hav og fiskeri. Noreg og EU har i fleire tiår hatt eit tett og godt forvaltingssamarbeid om fiskeri, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Nesvik viser til at EU er ein nær handelspartnar og Noregs største marknad for sjømat.

– Kommissær Sinkevičius vil ha ei sentral rolle i oppfylginga av den nye EU-kommisjonens arbeid med å sette i verk blant anna EUs fiskeripolitikk, den blå økonomien og tiltak mot ulovleg, uregistrert og urapportert fiske. Eg ønsker å føre vidare det godt etablerte samarbeidet vi har hatt i ei årrekke, seier Nesvik.

Noregs framtidige fiskerisamarbeid med EU, i tillegg til den nye EU-kommisjonens nye strategi og mål for EU, er blant tema som står på agendaen for møtet.