Førre fredag ettermiddag braut det ut brann i fiskebåten «Vestfisk», skriv NRK Vestland. Då dreiv båten fiske etter hyse i russisk sektor. Brannen vart sløkt etter fem-ti minuttar. Men då hadde båten verken motorkraft eller straum.

- Dei miste også kommunikasjonen og hadde berre kontakt via VHF-radioen med båtane som kom til, seier driftssjef Robert Ervik i Ervik Havfiske til NRK.

Fiskebåtane «Veststeinen» og «Atlantic» sette kursen mot «Vestfisk» og følgde den gjennom natta.

Laurdag morgon kom fiskebåten «Vestkapp» frå same reiarlag og kunne starte slepet av «Vestfisk».