Kystverket har inngått avtaler om overføring av statlege fiskerihamner med fem fylkeskommunar i Sør-Norge, meld Kystverket på Twitter.

Dei fem avtalene gjeld til saman meir enn 150 hamner i Nye Viken fylkeskommune, Nye Vestfold og Telemark fylkeskommune, Agderfylka, Rogaland og Nye Vestland fylkeskommune. Fylka overtek den statlege hamneinfrastrukturen med verknad frå 1. januar 2020, kjem det fram på Kystverket si heimeside.

Einar Vik Arset Foto: Jo Straube

- Å etablere infrastruktur for fiskeria har i alle år vore eit viktig oppdrag for Statens Hamnevesen og Kystverket.