Klima- og miljødepartementet melder om at endringar i lakse- og innlandsfisklova trer i kraft frå 1. juli. Føremålet med endringane er å styrkje innsatsen mot ulovleg fiske, skriv dei i ei pressemelding.

Kvart år blir det avdekka mange tilfelle av ulovleg fiske etter anadrom laksefisk. Det ulovlege fisket gjer at talet på gytefisk i elvene blir redusert. Ulovleg fiske kan òg føre til at det lovlege fisket må regulerast strengare for å nå målet for forvaltning av bestandane.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn er fornøgd med at lovendringa no trer i kraft.

- Ulovleg fiske etter laksefisk er ei alvorleg form for miljøkriminalitet som har store konsekvensar for sårbare stammer av anadrome laksefisk, seier han.

Forslaget går mellom anna ut på å auke strafferamma frå inntil to til inntil fem års fengsel ved grove brot på føresegnene i lova. Dette gjev eit tydeleg signal om kor alvorleg ulovleg fiske etter laksefisk er.

Det kjem óg nye administrative reaksjonar, som beslag i reiskap for å stoppe det ulovlege fisket og gebyr ved brot, som alternativ til strafferettsleg bot.

Vidare vert det føreslått ei utviding av høvet til å gjere inndraging av reiskap, og til mellombels å kunne nekte registrering av reiskap i inntil to år.