Denne veka offentleggjorde Utdanningsdirektoratet søkartala til vidaregåande opplæring for skuleåret 2021/2022. Og trenden om at fleire søker seg til fiskeri- og havbruk på vidaregåande held fram. 9 prosent fleire søkjer seg til desse fagområda i år enn i fjor.


  • Les også: Rekordmange unge vil bli fiskere. Frida Jaklin (17) drømmer om turnusjobb på havet.

– Draumen er å drive med forsking

Elise Anker Hellen (16) er elev ved naturbruk på Austevoll vidaregåande skule. Ho er ein av elevane som har valt å søke seg vidare til akvakultur vg2.