I 2016 fekk Eide Fjordbruk fire nye laksekonsesjonar av staten etter å ha vunne fram med erstatningskravet sitt etter 2009-tildelinga. Det førte til kraftig vekst i fjor, skriv IntraFish.

Samla betalte selskapet 45 millionar kroner for tre konsesjonar, samstundes som dei fekk ein konsesjon som kompensasjon for økonomisk tap. Talet på konsesjonar auka dermed frå fem til ni, noko som viser igjen i rekneskapen for 2017.

Auka inntektene kraftig

Inntektene auka med nær 80 prosent til 881,7 millionar kroner. Driftsresultatet auka likevel ikkje like mykje, men var på 236,4 millionar kroner.