I to år har Marine Harvest jobba med namnebyte til Mowi og dei to neste åra satsar dei stort på den nye merkevara.

— Dei to første åra vil satsinga koste 35 millionar euro (ca. 350 millioner kroner). Det er ikkje berre relatert til namnebyte, men inkluderer også produktutvikling og marknadsføring. Dette er kjempespennande, og det er først no vi drar saman heile selskapet og bruke heile verdikjeda og bygger merkevare. Eg trur vi er dei første som bygger ei global merkevare innan sjømat, seier Aarskog til IntraFish.

Gradvis overgang

— Skal Mowi bli den nye Coca-Cola?

— Ikkje over natta, slikt vil ta tid, men vi ønskjer at Mowi-laks skal vere eit kjent og godt produkt globalt, svarar han.

Satsinga