Cecilie Smith Svanevik disputerer 17. mars 2015 for ph.d.­graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: «Microbiological aspects of fish handling and processing in the Norwegian pelagic sector».

Fiskefarse med bakteriar frå kveis har betre haldbarheit enn farsen utan bakteriane. Årsaka kan vere at auka konkurranse mellom fleire bakteriar bremsar utviklinga deira.

I arbeidet med doktorgrada si har Cecilie Smith Svanevik undersøkt mikroorganismar knytt til pelagisk fisk, og korleis dei kan betre haldbarheita til fisken. Bakteppet er å bidra til auka ressursutnytting av fisk og minska svinn.

Svanevik