Det reagerar administrerande direktør, Audun Maråk, i Fiskebåt på.

Fiskebåt ser det som positivt at arbeidet med å verne viktige gyte- og oppvekstområde ser ut til å lykkast, sjølv om arbeidet enno ikkje er i mål, verken i forhold til endeleg avklaring eller var av alle aktuelle område.

- Det er likevel alvorleg at politikarane ikkje tar med Møre, når ein drøftar konsekvensutgreiing i Lofoten og Vesterålen, seier Maråk i ei pressemelding.

Vitige gyteområde
Han viser til at ein i området rundt Lofoten og Vesterålen finn viktige gyte- og fiskeområde for torsken, men i området utafor Møre finn vi det viktigaste gyteområde for norsk vårgytande sild, sei og hyse.

Adm. dir. Audun Maråk i Fiskebåt.

- Bestanden av norsk vårgytande sild er den viktigaste dynamoen i økosystemet og er også ein svært viktig økonomisk ressurs. Tradisjonelt har også ein vesentleg del av torsken gytt utafor Møre. Desse områda er difor sårbare og svært viktige for store delar av fisket, seier Maråk.

Skuffa
Fiskebåt er difor skuffa over at politikarane ser ut til å ignorere dette i debatten om konsekvensutgreiing av oljeaktivitet. Programkomiteen i Arbeidarpartiet går inn for konsekvensutgreiing av havområda sør for Lofoten som ligg lengst frå land. Grunngivinga er at det allereie i dag blir utvinna olje og gass i delar av området, og at der er infrastruktur på plass for petroliumsverksemd.

Arbeiderpartiet har tidlegare gått inn for at heile Lofoten, Vesterålen og Senja skulle opnast for konsekvensutgreiing. No er det berre Høgre og Framstegspartiet igjen på Stortinget som ønsker dette.