Havforskingsinstituttet gir råd om at brislingfisket i haust blir avgrensa til maksimalt 240 tonn i Hardangerfjorden, 360 tonn i Sognefjorden og 80 tonn i Nordfjord.

Kvoterådet svarer til median fangst i fjordane i perioden 2002–2016. Rådet byggjer på data frå brislingtokt med «Kristine Bonnevie» i august, saman med historiske data frå tokt og fangst, melder HI.

Brislingfisket i Sognefjorden blei stengt i 2019 etter råd frå havforskarane. Årets råd inneber at fisket kan gjenopnast. Kvoterådet for Nordfjord og Hardangerfjorden er likt som i fjor.