Frykta for global handelskrig, auka proteksjonisme og langsiktig usikkerheit rundt brexit er faktorar som gjer det lett å gløyme fordelane med fri handel over grensene. Nettopp i slike tider er det viktig for oss i Norge å verne om EØS.

Toll og internasjonal handel er sett på dagsorden igjen, og det er ikkje berre Trump og brexit som står for denne renessansen. Skeptikarane til internasjonal handel, dei som fryktar for kva konkurranse utanfrå gjer med eigen industri og eigne arbeidsplassar, er i frammarsj.