Havforskingsinstituttet har set eit førebels kvoteråd på tobis - 110.000 tonn for 2021.

– Tre sterke årsklassar pluss teikn til endå eit godt år gjer at vi kan tilrå ei historisk høg førebels kvote, seier havforskar Espen Johnsen i ein artikkel på instituttets nettsider.

I fjor sommar enda tobiskvoten på rekordhøge 250.000 tonn. Det var etter at forskarane kunne jekke opp kvoterådet sitt to gonger frå 70.000 til 110.000 til 250.000 tonn.

Bestand i vekst

Havforskar Espen Johnsen Foto: Erlend Lorentzen, Havforkningsinstituttet

– Vi er glade for å kunne seie at det ser ut til at veksten har halde fram. Tobisbestanden i dei sørlege delane av norsk sone i Nordsjøen har truleg ikkje vore større sidan starten av 90- talet, seier Espen Johnsen, tobisansvarleg ved HI.

Forskarane trekk fram fleire år med solide årsklassar kombinert med relativt beskjeden hausting som grunnar til at han har fått auke. 2020 var i tillegg eit år med mykje dyreplankton i havet – mat for små tobisar.

– For rekrutteringa, altså kor mykje ny fisk som veks opp, var 2016 var eit godt år, 2018 eit greitt år, og 2019 eit ekstremt godt år. No tyder det på at også 2020 har vore bra. Men det er framleis tidleg å konkludere, seier forskaren.

I mai oppdaterer forskarane rådet etter å ha sjekka stoda for tobisen med eit nytt, akustisk tokt.

Kritisk låg

I år igjen er det sør i norsk sone at ting går bra for den litle fisken. I dei nordlege delane av felta AlbjørnLing, Nordgyden – og heile Vikingbanken lengst nord – er bestanden framleis kritisk låg.

– Vi anbefaler at desse felta blir haldne stengt for fiske, slik dei har vore lenge, seier Johnsen.

Vikingbanken har vore stengt i 20 år no.

– Vi veit rett og slett ikkje kvifor desse områda ikkje greier å hente seg inn igjen. Kanskje er det rett og slett for få tobisar igjen til at dei greier å reetablere seg, seier Johnsen.

– Dette er noko vi ønsker å undersøke nærmare.