Nett.no melder at Marine Harvest seier ja til Stad skipstunnel.

— Stad skipstunnel er viktig for oss for å sikre logistikken mellom våre anlegg og fabrikken på Eggesbønes, seier regiondirektør Asgeir Hasund i Marine Harvest.

Selskapet har planar om å bygge ut fabrikken på Eggesbønes, på nordsida av Stadlandet. Anlegget er eitt av verdas største mottaksanlegg for laks.

Sikre transportløysingar

Asgeir Hasund viser til at Noreg har som mål å vekse kraftig innanfor sjømat, og han meiner at bygging av tunnelen er viktig for å fremme denne veksten.

— Vi er avhengige av gode og sikre transportløysingar for å ta unna denne veksten. Difor støttar vi Stad skipstunnel, seier Hasund til Nett.no.

Han opplyser at årleg har Marine Harvest 300-400 rundingar av Stad med ulike fartøy, og i snitt vert 15-25 av desse påverka av vêrtilhøva. Mest kritisk er frakt med levande laks.

— Dette utgjer rundt 150 lastar per år, og vi må alltid vere ekstra på vakt når det er dårlege vêrmeldingar. 

— Stad er ei utfordring for både servicefartøy, behandlingsfartøy og ikkje minst slep av utstyr til næringa som må gå over det utsette havområdet.