For 2018 var ICES sitt råd at det er forsvarleg å fiske opptil 550.948 tonn makrell. Kvoterådet for neste år er set til 318.403 tonn. Det inneber ein reduksjon på 42 prosent frå i år. Det melder Havforskingsinstituttet som i dag presenterte kvoteråda for de pelagiske bestandane i 2019, i dag.

— ICES sitt kvoteråd kan ganske enkelt ikkje stemme. Den kraftige nedgangen i gytebestanden har ikkje noko truverd. Inntil rådgivinga og metodikken er kvalitetssikra bør kyststatane fastsette ei kvote basert på dei siste års rådgiving, seier Maråk i ei melding på Fiskebåts nettsider.