Bygginga av forskingsskipet «REV» er no i gang for fullt i Romania, skriv NRK. Der skal skroget byggast før det blir frakta tilbake til Noreg for å bli utrusta ved Vard sitt skipsverft på Sunnmøre.

Forskingsskipet REV blir 181 meter langt og skal ha utstyr til å gjennomføre målingar både i atmosfæren og ned til 6.000 meters djup. Det skal også kunne suge opp og brenne plastsøppel som det kjem over på sjøen.

Kjell Inge Røkke betaler ein ukjend sum for skipet som han skal bygge og drifte

.