Korleis tene gode pengar på ein liten båt? Det spørsmålet var utgangspunktet for at hjørnesteinsverksemda på Flatraket med 40 tilsette gjekk i gang med utvikling av nytt reiskap for automatisk linefiske som skal kunne spare store kostnader årleg på ein sjark. Automatiseringa vil kunne gje store utslag på marginane for dei minste sjarkane som driv linefiske.

– Vi må stille ekstra krav til at utstyret skal vere enkelt og krevje lite teknisk oppfølging når ein rettar seg mot sjarkfiskeria. Eit autolinefartøy har verkstad og maskinistar, og handlar store volum av fiskereiskapar.