Studien vart gjennomført i Barentshavet om bord på fiskebåten «Tromsbas» i juni i år, melder Havforskingsinstituttet. Teinene vart utstyrte med lys og agn eller berre lys, og filma med GoPro-kamera. Teinene vart samanlikna med teiner som berre hadde agn.

Annleis i Barentshavet

Forskar Odd-Børre Humborstad og kollegaane fekk ikkje same respons på lys-teinene som det som er registrert i liknande forsøk i Newfoundland. Der vart teinefisket opp til 80 prosent meir effektivt med bruk av lys. Der var det også like god respons på teiner berre med lys (utan agn) samanlikna med teiner som var egna med akkar.