Nordic wildfish er klare til å kontrahere, men legger også opp til at andre skal kunne ta i bruk konseptet, skriv dei i ei pressemelding.

- Utvikling og verifisering av EcoFive er eit bidrag til at norsk forsking, og maritim- og marin næring opprettheld sin verdsleiande posisjon, seier dagleg leiar Tore Roaldsnes i Nordic wildfish.

Ny industristandard
Nordic wildfish ser gjerne at andre reiarlag og verfts- og utstyrsindustrien gjer seg nytte av forskingsresultata og teknologien for tilsvarande nybygg.

- Med EcoFive tilbyr vi ein ny industristandard for trålarar, seier Roaldsnes.

Trålardesignet under EcoFive-konseptet oppnår 30 prosent lågare energiforbruk ved at skrog og propellsystem er optimalisert for tråling i låg fart (tauekondisjon), at ein kan ta i bruk flytande naturgass (LNG - Liquid Natural Gas) som drivstoff i staden for diesel, og 30 til 40 prosent lågare energikostnad.

I tillegg til energieffektivitet, driftssikkerhet og miljø, handlar EcoFive også om å sørge for minimal kvalitetssvekking av råstoff, 100 prosent ressursutnytting og differensierte kvalitetsprodukt.

Berekraftig matproduksjon
- Sett ifrå eit samfunnsøkonomisk perspektiv vil skalering av prosjekterfaringane bidra til å møte samfunnsutfordringar som global under- og feilernæring, berekraftig matproduksjon, og utslepp av klimagassar, seier dagleg leiar Tore Roaldsnes i Nordic wildfish.

I går ga han innspel til regjeringa sin havstregi, og i dag møter han kollegaer under Verftskonferansen i Ålesund.

Bodskapen til begge forsamlingane er at Nordic wildfish har svaret på korleis ein kan sikre berekraftig utnytting av verdens fiskeressursar.

- Med EcoFive har vi allereie svart på hovudpunkta i rapporten til Maritim 21 som næringsminister Monica Mæland fikk overlevert tidlegare i dag under Verftskonferansen. Det vil løne seg - for verksemdene, for Noreg, og for verda - med meir satsing på forsking og nyutvikling, seier Roaldsnes.

Verdsleiande miljøteknologi
Med føresetnad om finansiering er det planlagt å kontrahere ei rekke nye båtar, med mål om fullskala operasjon og verifisering av det første demonstrasjonsanlegget i løpet av 2018. 

Nordic wilfish tek sikte på å realisere denne fartøyrekka som eit industrielt samarbeid med ei verftsgruppering. 

- Vi har lukkast med å utvikle verdsleiande miljøteknologi. Med EcoFive kan trålarflåten hente meir ut av dei berekraftige marine ressursane, produsere høgverdige produkt i fangstleddet, og oppnå betydelege reduksjonar i forbruk av drivstoff, og tilsvarande reduksjon av miljøskadelege utslepp per kilo fisk fanga.

- Vi har satt oss som mål å utnytte 100 prosent av ressursane vi rår om. Å utvikle eit miljøvennleg og energieffektivt trålardesign er eitt av fleire nødvendig steg på vegen, avsluttar han.