Kva slags samfunn vil me ha? Eva Norlund skriv i Nationen 18.02.2021: «Slik kvotesystemet har fått utvikle seg, så er det i strid med deltakerlovens og havrettslovens formål om «å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna». Og i strid med at « dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg» som det heiter i paragraf 2 i havressursloven.»

Cecilie Myrseth, Aps fiskeripolitiske talsperson seier i Fiskeribladet «Vi må forholde oss til den politikken som er iverksatt. Ikke alt kan gjøres på nytt. Vi må heller se på hva som ligger igjen, og hvordan vi vil løse det».

Dersom dette skal vera Aps lemfeldige framtidspolitikk, er det lite håp for vår kystkultur. Dette er ei fundamental sak som gjeld heile vår kystbefolkning. Fisket er ein særs viktig del av kystkulturen: levebrød, livsstil, rekreasjon og så bortetter. Skal kystens folk få sine rettar tilbake og givast moglegheit til vidare eksistens, må politikarane våre avvikla det kvotesystemet som har fått utvikla seg i strid med gjeldande lovverk.

I ein svolten verd, kor folketalet har auka kolossalt, er det om å gjera å fremja ei miljøvennleg forvaltning av havet og dets ressursar. Dette er ei global sak. Det må takast sikte på avvikling av alt trålfiske. Eg viser til FN-rapporten frå 2008: «In dead water» som konkluderer med at trål er meir destruktivt enn alle andre fiskereiskap til saman.

Systemet med kjøp og sal av kvotar som har fått utvikla seg i Noreg, er eit regelrett ran, som har medført at ei handfull trålreiarar har fått frie hender til å tilrana seg storparten av norsk fisk, styrka seg på fellesskapets ressursar og fordyra fisken kolossalt for forbrukar. For kven skulle det elles vera som finansierer kvotekjøpa til stortrålarane, enn dei som kjøper fisken?

Trålfiske er dessutan i seg sjølv ein svært dyr og særdeles lite miljøvennleg måte å fanga fisk på, mellom anna med unødig store utslepp av CO2 i høve til sjarkfiske. Det medfører også at dyre kvotar stengjer vegen for kapitallaus ungdom.

Når dette systemet flytter ned til sjarkflåten, og fiskerimyndigheitene krev kontinuerleg overvaking og kontroll av fiskarane på kvar minste sjark dag og natt, på sjø og på land, seier det seg sjølv at dagane til den frie fiskaren er talde. All fisk vil om kort tid vera samla hos ein fåtalig, privilegert adel.

Kystens folk vil sitja att og skoda ut over eit forbode hav. Her er det eitt å gjera, politikarane må visa seg vaksne og rettskafne. Sjarken må vera flaggskipet i norsk fiskeri; og fisket organisert etter mønster av «open gruppe», til trivsel og næring for folket.

Når det er sleppt dit det er i dag, må styresmaktene løysa inn att kvotane, for så å ta styringa med gratis utlån av kvotar. Betre kan det ikkje koma til nytte for eigarane, som er det norske folk.