Gruveselskapet Nordic Mining har fått løyve til å drive ope dagbrot i Engebøfjellet og dumpe restmassar, med giftige kjemikaliar, i Førdefjorden. Naturvernforbundet, Natur og Ungdom og 11 andre miljø-, samt næringsorganisasjonar har klaga på vedtaket.

Skribentene
  • Anne-Line Thingnes Førsund, styremedlem i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane
  • Ada Amilia Skjensvold, leder i Vestland Natur og Ungdom
  • Silje Ask Lundberg, leder i Naturvernforbundet
  • Therese Hugstmyr Woie, leder i Natur og Ungdom

Førdefjorden er ein frisk og artsrik fjord med store naturverdiar, har fire lakseførande vassdrag og har særskildt vern som nasjonalt laksefjord. Førdefjorden har rik botnfauna og i fjorden lever fleire raudlista og freda artar.

I ei årrekke har staten sine eigne marinfaglege rådgjevarar ved både Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet åtvara mot dei negative konsekvensane for fjorden av eit sjødeponi. Hovudorganisasjonen Virke, NHO Reiseliv, ei samla sjømat- og fiskerinæring, Norske lakseelver og 60 lokale sjømat- og reiselivsselskap i Sunnfjordregionen har uttalt at dei ikkje vil ha sjødeponi i Førdefjorden. Dei fryktar konsekvensane for sine næringar av ein forureina fjord.

Gruvedrift med utslepp i sjø er ein forelda og tilbakelagt industrimetode, ein sørgjeleg arv frå tidleg industritid, som kun fem land i verda ikkje har slutta med, eit av dei er Noreg. Tidlegare nytta fleire land i Europa sjødeponi, men dette er avslutta, bortsett frå i Noreg, som i dag er åleine igjen om å forureine havet, vårt felles matfat, med utslepp av gruveavfall.

Likevel fekk gruveselskapet driftsløyve i juni i år, frå Direktoratet for Mineralforvaltning. Natur og Ungdom og Naturvernforbundet, samt fleire andre organisasjonar, har klaga på vedtaket. Direktoratet har lagt til grunn eit utsleppsløyve frå 2015. Sidan den gongen har prosjektet blitt vesentleg endra. Både talet på arbeidsplassar og lengda på driftsperioden er dramatisk redusert, og selskapet baserer seg no på å nytte eit svært giftig kjemikal dei ikkje har utsleppsløyve til. Selskapet oppgjev å no kunne redusere utsleppet av restmassar til fjorden vesentleg. I så fall er det grunnlag for å stille krav om handtering av all restmassen på land, gjere bruk av den og fylle noko tilbake i lukka gruvegongar.

Vi meiner Direktoratet for Mineralforvaltning har gjort ei mangelfull vurdering, både miljømessig og bergfagleg, men heilt særleg sett i lys av potensialet for store og irreversible miljøskader slik denne saka har, med fjelltoppkapping og utslepp av forureina masse i Førdefjorden. Konsekvensane for samfunn og andre næringar kan bli store, som fylgje av forureining direkte, men ikkje minst av omdømetap for området og for Noreg.

Like etter at Nordic Mining fekk driftsløyve frå Direktorat for Mineralforvaltning i juni, søkte selskapet om å få sleppe ut kjemikalet SIBX, som dei ikkje har utsleppsløyve for og som er svært giftig for sjølevande organismar. Nyleg varsla selskapet at dei kjem opp med enno ein ny plan for mineralutvinninga på Engebø, i mars 2021. Vi meiner dette underbygger at driftsløyvet til Nordic Mining sitt gruveprosjekt på Engebø er gjeve på sviktande grunnlag.

Direktorat for mineralforvaltning avslo nyleg klagene våre. Det betyr at klagene går vidare til handsaming i Nærings- og fiskeridepartementet, med Venstres Iselin Nybø i spissen. Slik vi ser det, har ho no ein gylden sjanse til både å vise at Venstre verkeleg er eit miljøparti som kjempar for å bevare naturmangfaldet, og til å sikre Førdefjorden som særdeles viktig grunnlag for kyst- og naturbaserte næringar, og for alle framtidige generasjonar.