Ole Nesse er nett ferdig med to år på fiskarfagskulen i Austevoll. Han har fått seg kadettplass på ein av dei lokale pelagiske trålaren "Bømmelfjord", men der skal han ikkje på fiske før til hausten. I mellomtida, og kanskje som ein tilleggesjeft, skal han fiske med eigen sjark og Sammy Olsen sin ni meter store sjark "Barmen".

Er fiskar

Sammy Olsen har vore fiskar i heile sitt liv, men seier han har tulla vekk rettane han kunne fått til både det eine og det hine fiske med å ofre seg som tillitsmann både i fiskarlag og politikken.