Bindal kommune i Nordland har føreslått å regulere 460 000 kvadratmeter på 300 meters djup i Tosenfjorden som sjødeponi for ei planlagd gullgruve. Avgangsmassane vil utgjere om lag 200 000 tonn i året, i 10-15 år, skriv Havforskningsinstituttet på sin heimeside.

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for uttak av malm for å utvinne gull i Bogadalen. Tiltaket omfattar også opprekning av malmen, samt deponering av fast avfall frå drifta, gråbergdeponi og deponi av avgangsmasser i sjø.

For å vinne ut gullet, er planen å male berget til fint støv og sentrifugere ut dei tyngre gullkorna frå malmen. Ein betydeleg del av avgangsmassane vil dermed bestå av partiklar i nano-storleik.

— Våre innvendingar går på at konsekvensutgreiinga har store manglar om spreiing av partiklane i sjøen, mogleg frigjering av tungmetall og kartlegging av biologisk mangfald i fjorden, forklarar Terje van der Meeren.