– Det er veldig kjekt å bli sett pris på. Eg er overraska, visste ikkje eg var nominert ein gong, seier han og ler før han er rask med å understreka kor viktig også alle medarbeidarane i Bremnes Seashore er for suksessen.

– Me har veldig mange gode flinke medarbeidarar. Då eg overtok for rundt 30 år sidan, var det 14-15 fast tilsette. No er det over 450 som har arbeidet sitt her. Så eg har jo vore med å bygge opp ein av dei største private oppdrettsbedriftene i Noreg. Det synst eg er grunn til å vere stolt over, seier han.

Årets namn

Namn: Olav Svendsen

Alder: Blir 62 år i februar

Stilling: Konsernsjef i Bremnes Fryseri

Utdanning: Bedriftsøkonom frå BI

Bustad: Bremnes på Bømlo

Aktuell: Kåra til Årets namn i norsk sjømatnæring av lesarane til IntraFish og Fiskeribladet.

Laks er viktig for Bømlo

Me møter Svendsen på hovudkontoret til Bremnes Seashore i Øklandsvågen på Bømlo. For kommunen i Sunnhordland har lakseoppdrett blitt gull verdt. I dag er det tre lakseslakteri i drift i kommunen frå sør til nord, alle plassert på vestsida ut mot Nordsjøen. I løpet av eit år er det mange tonn med laks som rullar over vegane og ut til resten av verda.

TONNEVIS MED LAKS: I Bømlo kommune er det tre lakseslakteri. Fleire tusen laksemåltid vert kvar dag sendt ut av kommunen med rundt 12.000 innbyggjarar. Foto: Joar Grindheim

– Oppdrettsnæringa er blitt kjempeviktig for Bømlo kommune. Det er fleire oppdrettsselskap som held til her, og det er skapt fleire næringar rundt oss, seier Svendsen.

Havet har alltid vore viktig for øykommunen som består av rundt 1000 øyar og holmar. Den karakteristiske fjelltoppen Siggjo, som strekkjer seg 474 meter over havet, var ofte det første båtfarande fekk auge på når dei kom siglande frå vest mot norskekysten. Slik har det vore lenge.

Saka held fram under videoen.

Vikinghistorie

For Bømlo er staden der fleire med namn Olav har sett sine spor. Vikingkongen Olav Tryggvasson kom i 995 siglande frå England, gjekk i land og fekk bygd det som vart ei av dei første kyrkjene i landet. I 1024 var det Olav den heilage sin tur til å vitje øyriket for å innføre ei riksomfattande kyrkjeordning og kristenretten.

STARTA MED EIN DAM: Konsernspissen Bremnes Fryseri vart starta som eit fiskemottak. På 60-talet starta dei med lakseoppdrett i ein våg like utanfor hovudkontoret. Foto: Joar Grindheim

I dag er det her Olav Svendsen har sitt rike, der konsernet han leiar og er største eigar av er blant dei største lakseselskapa i Noreg. Han verken trur eller håpar at rikdomen har endra han som person.

– Eg er ganske jordnær. Det er her eg har vakse opp og sprunge rundt kvar dag. Eg kan jo berre ete meg mett, eg òg.

Starta som fiskemottak

Fisken har alltid vore viktig for innbyggjarane i kommunen. Mange fiskebåtar, gjerne med ein Wichmann-motor om bord, produsert nokre få kilometer lengre aust i kommunen, har hatt si heimehamn her. Og det var som fiskemottak konsernet Olav Svendsen i dag leiar starta.

Far hans, Olav Svendsen senior, vaks opp på andre sida av den vesle vågen saman med ein eldre bror. Øklandsvågen er ein gammal handelsstad som bestefaren til Svendsen dreiv. Eldstesonen overtok handelen, medan den yngre sonen fekk overta fiskemottaket og flytta over til andre sida.

MANGE TILSETTE: I dag er det rundt 450 tilsette i laksekonsernet til Olav Svendsen. Foto: Joar Grindheim

Det var mykje hummar, sei, reker, størje og alt som havet hadde å by på. På 60- og 70- talet var det spesielt mykje pigghå, og selskapet var blant dei største mottaka av pigghå i verda på denne tida. På slutten av 50-talet og starten på 60-talet såg dei at dei hadde mykje avskjer til overs. Samstundes var ein så smått starta med litt oppdrett i Noreg, og på Bremnes heiv dei seg med på den bølga og dreiv oppdrett og mottak parallelt.

– Far min var ein av dei første pionerane innan oppdrett og starta tidleg på 60-talet. Dei var framsynte og såg moglegheitene som låg i oppdrett, og fôra fisken med avskjer frå fiskemottaket. Dei satsa mykje, og me lever i dag på det dei gjorde. Det har vore ei stor utvikling frå å driva i eit lite basseng rett her ute, til i dag å drive oppdrett i fleire kommunar i både Hordaland og Rogaland, fortel Svendsen.

Far min var ein av dei første pionerane innan oppdrett og starta tidleg på 60-talet

Olav Svendsen, vinnaren av Årets Namn

Valte lakseoppdrett

På 80-talet vart fiskemottaket lagt ned, og det vart satsa på lakseoppdrett.

– Me såg at me anten måtte gjere noko større, å utvide med å ta i mot meir pelagisk fisk frå fiskeria, eller satse på oppdrett. Då valte me oppdrett. Eg trur det var eit heilt rett val, seier han med eit smil.

Tidleg på 70-talet starta arbeidet med å registrere arealet aktørane brukte til oppdrett med tanke på å gjere det om til konsesjonar.

– Far min hadde eit basseng og litt merddrift. Det tok 23 år frå me søkte om å gjere det om til konsesjonar, til me var ferdige. Og då fekk me altså sju konsesjonar, fortel han.

Undervegs har dei også kjøpt konsesjonar i Rogaland, i Hardanger og rundt Bømlo. I dag har selskapet 21 konsesjonar, ein visingskonsesjon og fire tidsavgrensa FoU-konsesjonar.

Frå gull på land til gull i hav

Å vere lakseprodusent i dag er på mange måtar ei gullgruve. På Bømlo har ein opplevd gullrush før, og i perioden frå 1884 til 1910 vart det teke ut minst 200 kilo gull til ein verdi av ein halv million kroner i gullgruvene på Lykling.

Optimismen var enorm i 1883-84, og funna skapte sensasjonelle oppslag i The Times og i norske aviser. Dei kvite kvartsgongane som sprenger seg opp i det gråe berget ned mot havstranda inneheldt større klumpar og årer av gull enn det dei engelske ingeniørane hadde sett i kvartsårene på gullfelta i California og i Australia.

I dag er det berre gruvegongane og historia igjen etter det gullrushet. No er det laksen som har overtatt havstranda utanfor dei nedlagde gruvene.

– Me lever på ei gullgrein no. Det er ikkje tvil om det. Det er nokre personar i Noreg som er blitt veldig rike av laksen.

Me lever på ei gullgrein no. Det er ikkje tvil om det

Vinnaren av Årets Namn

Håpar næringa unngår grunnrenteskatt

Svendsen er sjølv ein av dei. Og i kjølvatnet av at nokre er blitt rike, og oppdrettsselskap tenar mykje pengar, dukkar det opp spørsmål om hardare skattlegging av næringa. I november la utvalet leia av Karen Helene Ulltveit-Moe fram eit forslag om 40 prosent grunnrente for havbruksnæringa.

– Eg trur nok det er dei som er blitt rike dei ønskjer å ta. Men då må dei heller gjere noko med personskatten, og alle som tener pengar. Å berre ta oppdrettsnæringa, synst eg blir heilt feil, seier han og påpeikar at næringa må lov til å utvikle seg og treng kapital for å kunne gjere det.

KVALITETSBEVISST: Olav Svendsen er svært oppteken av kvalitet på produkta selskapet leverer. Produksjonen av Salma har ført med seg ein stoltheit i alle ledd i produksjonen. Foto: Joar Grindheim

– Kva tenker du om å vere blant dei rikaste i Noreg?

– Det kan godt hende eg er det, men det er jo ikkje det som driv ein. Det er jo å skape noko, å skape verdiar. Det er det som betyr noko, seier han.

– Har du nokon gong tenkt på å selje?

– Me har fått tilbod og har nok tenkt tanken, men det har aldri vore jobba seriøst med å selje. Kva skal me gjer på då? Ein konto full av pengar er ikkje så mykje glede i. Det er mykje kjekkare å vere med å utvikle ting og sjå folk stå på for å skape noko, svarar han.

Bremnes = Salma

Skapt noko har Svendsen så absolutt gjort. Og det er difor han er tildelt prisen som årets namn. Det mest kjente han har vore med og skapt, er utan tvil Salma-laksen.

– Me starta på midten av 90-talet med å utvikle nye produkt, blant anna Salma, og produktutvikling er noko eg synst er spennande, fortel Svendsen.

I utviklinga av Salma, samarbeida dei med meieriselskapet Tine i Oslo som hadde med seg verdifull kunnskap om marknadsføring, produktutvikling og emballasje. I dag er meieriselskapet heilt ute av selskapet Salmon Brands som står bak Salma.

– Tine var heilt uvurderlege i startfasen og med å få Salma inn i butikkane, seier Svendsen.

Etter kvart vart det naturleg at Tine trekte seg ut, og konsernspissen Bremnes Fryseri eig i dag Salma-selskapet Salmon Brands 100 prosent.

Stolte av Salma

Salma har også ført med seg ein høg stoltheit inn i selskapet. Dei som jobbar her, er stolte av Salma.

– Me får svært mange gode tilbakemeldingar på det produktet. Dei som jobbar på smoltanlegget i dag, produserer ikkje smolt, dei produserer Salma-ynglingar som skal vekse opp og bli til Salma-laks. Det har gjort at ein er kvalitetsbevisst i heile produksjonen, seier Svendsen.

Dei som jobbar på smoltanlegget i dag, produserer ikkje smolt, dei produserer Salma-ynglingar som skal vekse opp og bli til Salma-laks

Olav Svendsen, konsernsjef i Bremnes Seashore

STARTA MED TINE: Merkevara Salma vart starta i samarbeid med meieriselskapet Tine. Foto: Joar Grindheim

I dag blir det produsert i underkant av 2000 tonn ferdigvare av Salma-laks årleg. Det betyr at rundt 4000 tonn råstoff går med til den produksjonen. Det er rundt ein sjettedel av all laks selskapet produserer årleg, og det er laksen av beste kvalitet som vert brukt i produksjonen.

Kjøler ned laksen før slakting

Kvalitet er noko Svendsen er svært oppteken av. Det fekk han inn i tida dei var store på pigghå.

– Me såg at pigghåen vart mykje betre betalt om ein sorterte etter kvalitet. Snittprisen gjekk veldig opp. Så for meg ligg nok kvalitet litt i genane, seier han.

Når lakseproduksjonen tok seg opp utover 90-talet, noterte han seg også at dei for ofte fekk reklamasjonar. Det meste kunne tilskrivast kva som skjedde med laksen når den skulle pakkast.

– Me kunne ha laksen i sjøen i to år, men så gjere skade på han den siste halve timen på pakkeriet. Då starta me med ein idé eg hadde om å sleppe laksen i kaldt vatn, sidan den regulerer sin eigen kroppstemperatur etter omgivnaden.

Og ideen har dei utvikla vidare. I 2014 starta selskapet med å byggje store ventemerdar på land, der fisken kan kjølast ned til 2-3 grader før slakting. Det har auka kvaliteten på sluttproduktet.

Produserer meir på land i framtida

Eit anna grep selskapet har gjort, er å satse på produksjon av stor smolt for å korte ned tida laksen står i opne merdar i sjøen. Målet er å unngå at laksen må stå ute i to somrar. Dei er blant dei største i Noreg og har satsa i underkant av ein milliard kroner på det.

– Eg trur det er naudsynt. Me driv i ein region der biologien har vore krevjande. I år skal all fisk vere 450 gram eller større før me set den ut. Då får me ned produksjonstida i sjøen til eitt år. Det blir veldig bra for oss å unngå to somrar i sjøen, seier han.

Å produsere større fisk på land, ser han som ein del av utviklinga i oppdrettsnæringa framover.

– Lakseoppdrett står overfor ei rivande utvikling. Oppdrett om ti år vil vere noko heilt anna enn i dag. Utviklinga av oppdrett på land har vore stor, og det vil me sjå meir og meir av framover. Både i Noreg, men spesielt i utlandet. I Noreg vil me sjå at ein tar laksen opp til 1-1,5 kilo før den går i sjøen, medan i utlandet vil dei ta den heilt fram til stor fisk, meiner han.

HAR BLITT VERANDE: Olav Svendsen og Bremnes Seashore held framleis til i Øklandsvågen like utanfor kommunesenteret Bremnes i Bømlo kommune, sjølv om verksemda er langt større i dag enn då det vart starta som fiskemottak på 1930-talet. Foto: Joar Grindheim

Sjølv ser han ikkje for seg at hans eige selskap vil starte med matfiskproduksjon på land, men heller produsere enno større fisk på land før den vert sett i sjøen.

– Sjøen er for god og får me orden på ein del andre ting så blir det bra. Det skal godt gjerast å slå produksjonskostnadane i sjøen om me får orden på biologien. Å flytte all produksjon ville medført enorme kostnadar, seier han.

Norsk sjømat vil vekse

I framtida ser han store moglegheiter for norsk sjømatnæring. Han viser til etterspurnaden etter mat produsert i havet utanfor Noreg og trur nye artar vil gjere at den norske sjømatproduksjonen vil vekse.

PRISVINNANDE: Salma-laksen frå Bremnes Seashore er tildelt fleire prisar både internasjonalt og nasjonalt. Og det er etter kvart laga ulike produkt av Salma, inkludert lakseburger. Foto: Joar Grindheim

– Me har berre sett starten på det.

– Har det aldri vore freistande å gjere noko anna?

– Det var eit godt spørsmål, svarar han og ler.

– Eg er jo født inn i dette, så eg hadde vel ikkje så mykje val. Hadde eg valt noko anna, hadde eg vel blitt forvist frå familien. Men eg trur eigentleg ikkje eg kunne funne noko meir spennande å drive på med.