Når vertane døyr, begynner dei mikroskopiske Kudoa-sporane å bryte ned fiskekjøttet, skriv Havforskingsinstituttet på sine heimesider.

– Kudoa er ikkje farleg for menneske, eller for så vidt fisk mens han lever. Parasitten kan derimot vere ein trugsel for omdømmet til fisk og omsetting, seier parasittolog Lucilla Giulietti i meldinga.

Kudoa thyrsites er mikroskopiske myxosporidiar. Dei er bitte små sporar og tremenningane til nesledyr som maneter, korallar og sjøanemonar.

Ser fin ut etter fangst

Sporane trenger inn i muskelvevet til fisk på måtar vitskapen ikkje kjenner til endå.