I perioden 22.–26. september gjennomførte Fiskeridirektoratet, Kystvakta og Politiet ein fellesaksjon i Vestland fylke. Aksjonen resulterte i 57 beslag og 30 politimeldingar. Det opplyser direktoratet i ei pressemelding fredag.

– Vi starta kontrollen lengst sør i Vestland fylke ved Bømlo og avslutta i Øygarden. Siktemålet med aksjonen var å kontrollere reiskap i sjøen, med spesiell merksemd på reiskap for å fange hummar. Inntrykket vårt er at det sto mindre reiskap i sjøen enn vanleg og folk er generelt blitt flinkare til å merke reiskapane sine, seier inspektør Joakim Sande i Fiskeridirektoratet.

Hummarfisket opnar

1. oktober opnar hummarfisket, og kvart år er det alltid nokon som tjuvstartar sesongen og til dømes set teiner med 60 millimeters opning:

– Det er berre lov i perioden 1. oktober til og med 30. november sør for Stad, viser direktoratet til i meldinga.

Det er stort sette manglande rømmingshol (råtnetråd), manglande eller dårleg merking av reiskapen og bruk av 60 millimeters opning som går igjen. Dette er gjengangarar ved slike kontrollaksjonar, ifølge direktoratet.

– Slike kontrollar har i hovudsak to hensikter, å avdekke lovbrot og snakke med og gi rettleiing til fiskarar vi møter på sjøen. Felleskontrollar slik vi gjennomførte på Vestlandskysten er gjerne meir effektive enn om kvar kontrolletat åleine gjennomfører kontrollar, seier Sande.

Direktoratet opplyser at det i perioden før, og så lenge hummarfisket er ope, vil det bli gjennomført fleire liknande kontrollar langs kysten. For å unngå eventuelle misforståingar i samband med kontroll tilrår Fiskeridirektoratet at deltakarnummer i hummarfisket berre blir nytta på teiner og blåser som ein skal nytte til fangst av hummar.