Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdning.

Så får ein berre spekulere i om han trekte seg frivillig, eller om presset frå valnemnda og partiapparatet vart for stort.

Valnemnda i Arbeidarpartiet har konkludert: Attval på statsminister Jonas Gahr Støre og partisekretær Kjersti Stenseng. Som nye nestleiarar er føreslegne kunnskapsminister Tonje Brenna og næringsminister Jan Christian Vestre.

Øystein Sandøy i Sjøvær Havfiske AS Foto: Ole Erik Klokeide

Ikkje nokon sundagsskule

Partisekretær-legenda Haakon Lie sa i si tid at Arbeidarpartiet ikkje var nokon sundagsskule.

Det hadde han utvilsamt rett i, og det munnhellet kan temmeleg sikkert gjerast gjeldande for dei aller fleste politiske parti.

Partiet sitt ve og vel kjem aller først, og det inneber at av og til fell øksa over personar, og det dei måtte ha av planar og ambisjonar.

No registrerer eg at tidlegare statsråd Helga Pedersen av mange er ynskt som ny partisekretær, og at det mobiliserast kraftig for henne, men det kan innebere kampvotering på landsmøtet.

Det er god tradisjon for å unngå det i Arbeidarpartiet, så mitt tips er at ei av desse to trekkjer seg.

Nord-Norge har tradisjonelt vore ein AP-bastion. Ei trygg, solid og pårekneleg veljarmasse.

Spørsmålet no blir korleis veljarane i nord reagerer på at deira einaste representant i toppleiinga er sett til sides, og sjølvsagt om meiningsmålingane i det store og heile også gjev uttrykk for at dei er på glid vekk frå det som vi nesten kan kalle moderpartiet.

Vi ser at det gamle, pålitelege styringspartiet AP, som stort sett galant har klive 30 prosent og meir, no ligg og kavar jamt og trutt på galluptal under 20. Eit ganske så nytt og ukjent terreng for «ørnen blant parti».

Ein draum bakom sju blånar

Partiet hadde si stordomstid frå krigen, og fram til 1965, då vi fekk borgarleg regjering under Per Borten. Norge vart innimellom kalla «eittpartistaten», med Einar Gerhardsen – landsfaderen – ved roret. I 17 år styrte han landet og partiet med stødig hand, og sidan har AP hatt markante leiarar i Gro Harlem Brundtland og Jens Stoltenberg. Thorbjørn Jagland var innom statsministerkontoret, men fall på det famøse talet 36,9.

Eit tal som Jonas Gahr Støre i dag må sjå som ein draum bakom sju blånar. Som god borgarleg veljar burde eg sjølvsagt juble over at AP i dag nærmast ligg med broten rygg.

Det gjer eg ikkje! Eg har aldri stemt på Arbeidarpartiet, og kjem neppe til å gjere det heller, men har ingen vanskar med å erkjenne at partiet har vore ansvarleg, styringsdyktig og påliteleg. Og så kunne ein vere både samd og usamd, men ein visste stort sett kva ein fekk. Partiet hadde tradisjon for å søkje inn mot sentrum for å få dei breie, solid forankra vedtaka, og politikken som vart ført kom sjeldan som julekvelden på kjerringa for dei det gjaldt.

Denne tradisjonen synest i dag å vere forlaten, der høgrøysta parti til venstre for AP meir og meir set dagsorden, og resultatet blir ein ustø kurs mot eit mål som for den jamne veljar er vanskeleg å definere. Unnateke auka skatteinntekter, forståss!

Kva skal ein elles seie om ei oppdrettsnæring som over natta, som lyn frå klår himmel får ein skatteauke på 35 prosent.

Neppe flate vegen

Posten som fiskeriminister har i AP-regi stort sett gå til vår nordlege landsdel.

Dei aller, aller fleste har funne det i skjønnaste orden så lenge vedkomande visste kva som var bak og fram på ein båt og ein fisk, og let seg snakke med på fornuftig vis.

Om Bjørnar Skjæran no er ute av toppleiinga i Arbeidarpartiet, så held han truleg fram som fiskeri- og sjømatminister. Men det blir neppe flate vegen framover for han, heller.

Flytande havvind-problematikken kjem opp meir og meir, der ministeren så langt har vore øyredøyvande taus.

Vi anar partipisken i bakgrunnen, der leveransane av svada om fredeleg sameksistens, og høgtflygande vyar om det nye industrieventyret så langt har vore overlate til olje- og energiminister Terje Aasland og næringsminister Jan Christian Vestre.

Kvotmelding og skatt

Likeins ventar sjømatnæringa på Kvotemelding 2.0, der ein må kunne seie at ein er langt på overtid. Det seier seg sjølv at næringa ikkje kan vente i det uendelege på avklaringar som får store konsekvensar for reiarlag, mannskap og investeringar.

Eg spurde ein god venn av meg, som per dato driv to større ringnotbåtar, om han framleis ville drive begge to, eller samle kvotane på ein. «Eg veit ikkje», svara han. «Alt heng på den komande kvotemeldinga».

Galluptala tyder dessverre på at den jamne mann og kvinne har store vanskar med å kjenne att det solide, føreseielege Arbeidarpartiet. Eg bannar sikkert i kyrkja, men eg hadde mykje heller sett AP trygt på rette sida av 30-prosenttalet, og eit Høgre nokolunde jamstort, eller i mi verd større.

Då hadde vi hatt to dominerande parti på kvar si side av midtstreken, som begge to var styringsdyktige åleine. Eg trur at for nasjonen Norge, så hadde det vore langt å føretrekkje.