Det melder Havforskingsinstituttet på sine nettsider.

Oppvekstområde til makrellen er hovudsakleg frå Biscayabukta til Nordsjøen. Men no har altså forskarane dokumentert at makrellen også veks opp nord for Nordkapp.

– Det er ikkje fordi det har blitt varmare hav i nord, men heng saman med den eksplosive veksten i makrellbestanden mellom 2006 og 2014, seier havforskar Leif Nøttestad i meldinga.

Leif Nøttestad, bestandsansvarleg for makrell ved Havforskingsinstituttet. Foto: Amalie Hefre Lie (arkiv)

Tredobla seg

Instituttet peiker på at frå 2006 til 2014 auka makrellbestanden i Nordaust-Atlanteren frå 2,2 til 5,9 millionar tonn. Altså nesten ei tredobling. Ein årsak til gode kår og bestandsvekst i same periode, var truleg og varmare hav. Men det var altså ikkje varmen som fekk makrellen til å dra nordover, meiner forskarane.

– Det var eigne plassbehov med intern kamp om maten som gjorde at makrellen blei nøydd å utvide beiteområdet i stor stil, seier Nøttestad.

Han påpeiker at klimatisk sett, er makrellen ein veldig fleksibel fisk, som trivst godt i alt mellom 4–20 grader. Men som all anna fisk, treng han mat for å overleving og vekst.

Mykje pir langt nord

Makrellen har tradisjonelt sett vore ein sommargjest på beitevandring i Norge. Han har hatt gyteområda sine lenger sør – vest av Dei britiske øyer. Men frå 2016 skjedde det noko.

– Makrellen tok til å gyte også i Norskehavet og langs Norskekysten opp til Stad. Samtidig begynte vi å observere mykje pir, altså ungmakrell, lenger nord enn før, fortel Nøttestad.

Vilde Regine Bjørdal, tidlegare masterstudent, no forskingsteknikar ved HI, har tidlegare analysert innhaldet i magesekkane til pir fanga på forskingstokt i nordlege farvatn. Ho finsorterte halvfordøydd mat frå 153 pir-magar. Det ho ville finne ut var kva fiskane åt, og om dei kunne vere konkurrentar om maten til annan fisk.

Arbeidet til Bjørdal resulterte i ei masteroppgåve og ein nyleg publisert vitskapleg artikkel.

– Piren åt stort sett det same som den vaksne makrellen, med like fulle magesekkar. Dette tyder på at pir er i stand til å vekse opp og beite i nord, seier Bjørdal.

Makrellyngel ved Nordkapp

Makrellen sin nordlege utviding braut nye rekordar i fjor haust, då forskarane fant makrellyngel ved Nordkapp under det årlege økosystemtoktet i Barentshavet.

Ungmakrell som etablerer seg på nye stader kan i teorien bety at det blir meir konkurranse om føda. Særleg for sild og annan makrell.

Havforskningsinstituttet peiker på at det alltid er størst konkurranse om den tilgjengelege maten innafor éin og same art, enn mot andre artar.

– Trugselen frå nabomakrellen har derfor vore den største drivkrafta for at bestanden utvida seg nordover i utgangspunktet.

Forskarane vil ikkje utelukke at ungmakrell i nye område kan påverke økosystemet, særleg i fjordar og avgrensa kystmiljø.

– Dette er noko vi jobbar for å finne ut meir om, seier Nøttestad i meldinga.