Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

I Fiskeribladet 6. november skriv Ask Økland at Bearbeidingsutvalget har feiltolka mandatet og at rapporten er ein skivebom. Løysinga på ønsket om meir tilverking ligg hos industrien, og det er desse som må kike seg sjølv i spegelen.

Kristin Alnes, fagsjef industri og handel, Sjømat Norge. Foto: Privat

Eit privat ansvar

Både fiskeindustrien og andre bransjar har sjølve eit ansvar for å produsere eit produkt som nokon vil kjøpe, til ein pris som gjer produksjonen lønsam. Det må aldri vere tvil om at dette er eit privat ansvar, som krev at næringsaktøren har den naudsynte kompetansen og kan gjere dei rette vala.

Ask Økland meiner at Bearbeidingsutvalget har bomma på mandatet, når det ikkje i større grad diskuterer nettopp dei private disposisjonane i fiskeindustrien.

Rapporten frå Bearbeidingsutvalget føyer seg inn i ei lang rekke av rapportar, utgreiingar og meldingar dei siste 15 åra, som alle har sett søkelys på rammevilkåra for fiskeindustrien. Gjennomgangstonen i alle desse rapportane, inkludert Bearbeidingsutvalget, er at fiskeripolitikken ikkje berre må omfatte flåteleddet, men at ein også må ha ein fiskeindustripolitikk. Politikken er styresmaktene sitt ansvar.

Vi meiner difor det er Økland som bommar her. Det er heilt naturleg, og i tråd med mandatet at Bearbeidingustuvalget har lagt vekt på å drøfte dei rammevilkåra som er politisk bestemte.

Politisk bestemte rammevilkår

På to viktige område skil fiskeindustrien her lag med andre næringar i landet. Sjømat møter i særklasse fleire og større handlingshindringar i marknadene, enn andre norske eksportprodukt. Marknadstilgang er eit politisk ansvar, og eit viktig rammevilkår for bearbeidingsindustrien.

Det viktigaste særtrekket ved fiskeindustrien er likevel at råvaretilgangen, grunnlaget for produksjon er politisk styrt. Vi veit at dette er eit sårt punkt for både faglag og salslag, men dette er eit faktum det er vanskeleg å forklare vekk. Det er skuffande at ein sentral talsmann frå flåtesida kan kalle ein diskusjon rundt dette for skivebom.

Dei sentrale lovene i næringa, Deltakarlova og Fiskesalslagslova set rammene for korleis landing og omsetjing av fisken går føre seg. Det er vanskeleg å laste Bearbeidingsutvaglet for å drøfte desse politisk bestemte rammevilkåra. Ask Økland er i selskap med mange på flåtesida når han meiner at det å kople bearbeidingsgrad til sentrale fiskeripolitiske rammevilkår er skivebom. Det i seg sjølv bør vere grunnlag for å sjå ekstra nøye på desse rammevilkåra.

Allmenngjering av tariffavtalen

Det er ei ærleg sak å vere usamde om politikk. Ask Økland kjem i tillegg med ein del påstandar som vi meiner ikkje er korrekte, og som vi ikkje kan la stå.

Økland hevdar at ein allmenngjort tariffavtale i røynda er ei minsteløn, og at når utvalet ønskjer unntak frå arbeidstidsordninga gjer dette til at låglønte arbeidarar ikkje har råd til å takke nei når industrien kallar.

Det er få om nokon, som kan tillate seg å omtale dei viktigaste og best betalande kundane sine slike som Økland, og fleire fiskarar til stadigheit gjer. Ei allmenngjering av tariffavtalen er eit viktig steg for å sikre like og gode rammevilkår for arbeidarane, uavhengig av kva bedrift dei arbeider i. Dette er eit tiltak som først og fremst skal vareta arbeidarane og å hindre sosial dumping. Den tariffesta timeløna i fiskeindustrien ligg på nivå med annan industri i landet.

Fiskeindustrien må innrette seg etter når fiskarane vel å lande fisken sin. Det er trist at Økland ikkje ser at vi har ein fiskeindustri, som i verdsklasse klarer å tilpasse seg sesongar og enorme kvantum på kort tid. Norske fiskarar spør ikkje etter arbeidstid når dei kjem frå feltet og forventar å få levert fangstane sine utan opphald. Dei spør ikkje etter helg eller yrke, dei forventar at nokon står klar på kaia.

I samsvar med lova?

Økland hevdar at «Både fiskarane og landindustrien er profesjonelle næringsdrivande, og det er avtalefridom på området. Det er liten grunn til at myndigheitene skal fastsetja salsvilkår og reklamasjonsreglar for profesjonelle aktørar

Vi minner om at fiskesalslaga gjennom lova er gitt rett til å fastsette alle forretningsvilkår (medrekna sals- og reklamasjonsreglar) i førstehandsomsetjinga. Det er slett ikkje avtalefridom. I møtet mellom to profesjonelle næringsdrivande har altså den eine parten, med lova i hand, rett til å fastsetje alle vilkår.

Då må ein i 2022 tole at Bearbeidingsutvalet så vidt pirkar bort i denne problemstillinga, utan at ein då legg til grunn at så vel utvalet, som industrien generelt vil lovene til livs.

Vidare viser Økland konkret til at utvalet foreslår at «Nærings- og fiskeridepartementet iverksetter ei gjennomgang og evaluering av om salgslagenes praksis knytt til lagsavgift er i samsvar med fiskesalgslagsloven.» Økland meiner forslaget kan oppfattast som ei antyding av at salslaga sin praksis ikkje er i samsvar med lova. Ja, det kan vel hende. Vi har nettopp fått ein dom i høgsterett, som viser akkurat det.

For liksom å undergrave sjølve grunnlaget for bearbeidingsutvalet klinker Økland til med det siste av resultat frå fiskeindustrien. Tala som Økland viser til syner at Br. Sperre og Pelagia hadde resultatmarginar i området 5 % i 2021.

Sett over ein tiårsperiode er dette eit godt år for industrien. Frå Økland, som representant frå ei flåtegruppe som jamt over dei siste ti åra har hatt marginar på rundt 25 % kjem det ei oppmoding til kundane om å slutte å sutre og heller brette opp ermene og kome seg i arbeid.

But there are worlds and worlds of ways to explain

To tell you how I feel

But I am speechless, speechless.

Michael Jackson