Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdning.

Vi var klar over at det neppe ville bli nokon lysttur over Stadhavet, men ikkje verre enn at det skulle gå alminneleg greitt. Noko det og gjorde, men behageleg var det så langt ifrå.

Øystein Sandøy i Sjøvær Havfiske AS Foto: Ole Erik Klokeide

Komne ned under Bukketjuvane fekk vi telefon frå ein kameratbåt. Ein kystlinebåt på knappe 20 meters lengde, med shelterdekk. Vedkomande låg på Kvamsøya, og hadde tenkt seg forbi Stadten, men ville høyre med oss korleis det tok seg ut.

Utan å risikere liv

Svaret var enkelt: «Berre hald deg i ro! Her er bein vestavind, og vi ligg skinnflate». Skipperen var ein vettug, forstandig mann som kjende Stadhavet ut og inn, og heldt seg klokleg i ro der han var til vêret hadde roa seg.

Dette er ei kvardagshistorie frå dette berykta havstykket: Å vente på at vêret blir såpass at ein kjem seg forbi Stadten utan å risikere liv, helse og båt. Saktens er båtane våre store og trygge etter kvart, men ingen oppegåande skipper legg ut på Stadhavet i dårleg ver utan at alle risikoar er vurderte. Er vedkomande i tvil, så ser han det an til han veit at seglasen kan gjennomførast på forsvarleg vis.

Spesielt når vêret er vestleg/nordvestleg, så gjer ein klokt i ta seg ein god runde i tenkjeboksen.

I det nyleg framlagde statsbudsjettet er Stad Skipstunnel framleis inne. Det har avstadkome mildt sagt kritiske kommentarar frå enkeltpersonar, og ikkje minst frå kommentariatet i fleire av avisene våre. Det er sløsing med pengar, fleire NOU-ar konkluderer med at tunnelen ikkje blir samfunnsmessig lønsam, båtane er store og trygge no til dags, dei vil ikkje klare å treffe tunnelen (sic), pengane bør gå til andre naudsynte formål, og så vidare i det uendelege.

I ei tid med store innstrammingar må ein ha strenge prioriteringar for auge, og då får desse sjøredde spekesildmatrosane vær så god – bokstaveleg tala – segle sin eigen sjø.

Monumental ukunne

Sams for desse utblåsingane synest å vere ei monumental ukunne om det maritime Norge, om skipstrafikken langs norskekysten, og det faktum at store delar av all transport føregår på Riksveg 1.

Stadten er det norske Kapp Horn! Så visst har vi mange fleire utsette havstykke som må kryssast, men her er det faktisk mogeleg å eliminere ein potensiell risiko. Ja, vi har framleis Jærens Rev, Sletta, Hustadvika, Folla, Vestfjorden, og heile Austhavet, men der er dessverre geografien skapt såleis at vi ikkje klarer å «byggje» oss forbi dei. Det kan vi ved Stadhavet. Alt som trengst er eit skarve hol på 1,7 kilometer.

Det er lett å peike på forlis, og tap av menneskeliv på Stadhavet. Gudane skal vite at dei er mange nok. Men tidlegare ordførar i Vågsøy Kommune, Roger B. Silden, meinte at vi burde tone ned det han kalla «død og fordervelse». Han visste kva han snakka om! Han miste far sin, tre onklar, og to syskenbarn i «Seilfjell»-forliset i 1971.

Ein parallell

Likevel var poenget hans det store framsteg risikofri ferdsle forbi Stad ville innebere for all transport sjøvegen. Det vere seg både gods og personar. Ei av vyane hans var at ein då kunne få snøggbåttrafikk heile vegen frå Stavanger til Molde. Vidare at det var eit overordna politisk mål å vinkle transport over frå veg til sjø, med alle dei miljømessige føremoner det ville innebere.

Eg vil tru at vegane våre er meir enn nok belasta, medan Riksveg 1 ligg der, stort sett vedlikehaldsfri. Sjølvsagt bør skipsleia betrast fortløpande, og i så måte må Stad Skipstunnel nærmast stå fram som ein – i norsk samanheng – parallell til Panamakanalen. Tidlegare president i USA, Theodore Roosevelt, sat ikkje og venta på tallause NOU-ar før han tok avgjerda om at kanalen skulle byggjast. Han fekk jobben gjort. Punktum!

Sjøsjuke og sjøredsle

Eg vil meine at dagens politikarar manglar vyar, ut over dagens trivialitetar, og det å bli attvalde. Vår velstand og velferd er uløyseleg knytt til alle former for maritim verksemd. Offshore, skipsfart, fiske og fangst, oppdrett, og alle typar tenesteyting opp mot desse.

Då kan det umogeleg vere eit urimeleg forlangande at våre styrande har eit nokolunde fokus på dette, og jamnar (sjø) vegen såpass at desse verksemdene kan føregå mest mogeleg farefritt. I alle fall når desse berre tek rundt fire prosent av det totale samferdslebudsjettet.

Vi sjøfarande har ingen vanskar med å akseptere at reisande på det sentrale Austlandet vil kome seg frå A til B på ordentleg vis, utan fare for liv og helse. Vi er ubeskjedne nok til å forlange og forvente vice versa.

Til dei som måtte meine at Fornebubanen til anslagsvis 35 milliardar kroner bør ha prioritet framfor Stadtunnelen: Velkomen til ein tur forbi Gamla, Vossa og Bukketjuvane i ein nordvestleg kuling/storm, hengande over toalettet, grøne i fjeset av sjøsjuke og sjøredsle. Det er det som er kvardagen til dei reisande på våre kantar, når dei må sjøvegen forbi norskekystens Kapp Horn og Rasmus ikkje er i perlehumør. Vi har dessverre ikkje det alternativ å setje oss på lokaltoget, eller vente 5 minutt på neste buss!