Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Etter min meining har myndigheitene eit valg, og det er betydeleg retrett i saken om sporing og rapportering.

Geir Stuve Rommetveit, fisker. Foto: Nils Torsvik

Det er sterke ord eg kjem med, men eg trur at om ikkje kursen endrast, så endar det med et stort frafall av mindre fartøy. Berre vent til neste pulje av fartøy under 11 meter innfases i ordninga – da veit eg at det som er kome av reaksjonar og kritikk til no, vil bleikne mot det som er i vente.

Rapporteringsregimet som vart innført for flåten mellom 11 og 15 meter frå 1. juli, er altfor omfattande. Sjølv har eg fleire fartøy det skal rapporterast frå. Regelverket gjer det fysisk umogleg å oppfylle krava. Små pelagiske sjarkrederi har ofte tre-fire fartøy med seg i fiske. Den vestlandske kystkulturen og sjarkflåten består mykje av slike rederi. Og når man da skal rapportere frå fleire fartøy, og stå som skipper her og der, da startar problema.

FMC på tråden

Fordi – nokon av båtane er me kun oppi når me fiskar. Ipaden med rapporteringsappen ligg igjen der det er tørt og trygt. Ofte kommer man ikkje om bord igjen på hovudfartøyet før langt på dag – eller natt.

Da kan også gjerne fristen for fangstmelding (DCA) ha gått ut. Så får man Fiskeridirektoratets overvåkningssentral (FMC) på tråden ganske fort. Som fortel kor syndig man har vore. Sjølv om man gjerne ikkje har noko fangst å rapportere.

Plutseleg slutta ein VMS-boks, som jevnlig sender posisjonen til båten, å fungere. Da får man FMC på tråden igjen. Som forventar og trur at dette kan fikses enkelt. Men da var den aktuelle båten på anker og eg var på levering 10 timar unna.

Å gå til kais er jo også blitt eit problem. Da dette skal planlegges og rapporteres i god tid med POR anløpsmelding, så må man kvittere på at man ikkje skal ta fisk på land. Og deretter sende ny avgangsmelding eller enda ein ny PORmelding for neste gang man skal innom ein plass. Sjølv om ærendet er totalt uskyldig. Som ein tur på butikken eller fylle ferskvatn.

Så henger den elektroniske rapporteringen (ERS) seg opp. Og GPS-en på den fungerer ikkje. Etter fleire rundar med support virker omsider dette igjen. Så skal eg rapportere for den båten som ingen er om bord i, og som ligg på anker 30 nautiske mil unna. Det er heller ikkje lett når systemet tar utgangspunkt i min noverande GPS-posisjon.

Joda, eg gleder meg til kontrollsjefen skal få rett i sine påstandar at vi berre juksar. For no får jo direktoratet verkeleg «bekrefta» det.

Kor er fornuften?

Så skal vi plutseleg ta prøve for Havforskningsinstituttet (HI) langt inne i ein fjord. Me har knapt nok plass til vår egen proviant om bord, samtidig som vi skal fryse inn 10 kilo fisk. Kor er fornuften i dette?

Skal vi kaste maten vår for å få plass til prøvene? Som om dette ikkje var nok: Dagen etter er det same leksa, og nye 10 kilo skal fryses inn. Når eg spør FMC om korleis dette løysast, blir eg bedt om å ringe HI, men HI er ikkje betjent på ein laurdag.

På søndag stokkar ERS-en seg til igjen fordi eg har ignorert HI-rapporten. Det betyr atter ein ny runde med support mot systemleverandøren. Eg har sikkert hatt kontakt med han på support 50 gonger sidan 1. juli.

FMC er nesten døgnbemanna – og det er jo ganske bra. Samtidig forventar dei at eg som er aleine om ansvaret om bord skal vere tilgjengeleg hele døgeret og at dei får svar når som helst: Både når eg sover, eller nettopp har sovnet etter ein lang og hard økt. om eg står i ein krevjande fangstoperasjon. Eller manøvrerer til kai i eit trafikkert område.

FMC kan imidlertid ikkje svare på alt, og når me hadde et akutt behov for svar frå direktoratet klokka 07.05 ein laurdag morgon, måtte me vente til telefonen opna klokka 8.

Me fekk først svar etter 90 minutt og da hadde vi snakket med FMC 3 gonger etter klokka 08.00. og forsøkt å få tak i ikkje mindre enn sju ansatte i direktoratet. Der nummer sju var den som tok telefonen. Kven skal stå til ansvar for om fangsten vi har ved skutesida i 15 grader varmt vann blir vraka på grunn av manglede kjøling.? Når Fiskeridirektoratet skal vere så vanskelege å få i tale.

Eg opplever også at dei ikkje forstår omfanget i fangstoperasjonar og derfor heller ikkje skjønner kor krevjande det vert med alle rapporteringskravene. Og den totale kompleksiteten av mine arbeidsoppgåver dette medfører. Overbelastningen på meg har økt betydeleg på grunn av rapporteringskrava.

Så til kostnadene.

Merkeleg i disse grøne tider

Skal eg som liten sjarkreder verkeleg betale for tre VMS-bokser og tre abonnement på ERS? Sjølv etter refusjonen på 7000 kroner over statsbudsjettet er dette betydeleg dyrare for meg enn for ein stor havgåande båt.

Mine årlege kostnader er tre gonger høgare enn for ein havgåande båt som fiskar for minst ti gonger meir, og der dei også har skiftordningar og mykje meir mannskap tilgjenglig heile tida.

For igjen å nevne arbeidsmengden som også er tredobbel for meg i forhold til ein stor båt. Og eg som knapt er i styrehuset når me arbeider.

Eg opplever derfor dei nye krava som et forsøk på å kvele den mest miljøvennlege delen av fiskeflåten. Det fremstår for meg som merkeleg i disse grøne tider. HI sin ferske rapport om viktigheita av kystfisket i ein krisesituasjon, understrekar vel også at å ivareta oss, er viktig for matforsyningen til landet.

Eg fryktar at bøtene som vil komme som følge av dette rapporteringsregimet, vil gi psyken og lysten til å holde på, ein kraftig knekk. Den psykososiale situasjonen til fiskarane oppi alt dette er fullstendig ignorert. Og ikkje vurdert i det heile tatt.

Så spørsmålet er vel eigentleg kor lenge eg orkar og gidd dette, om myndigheitene velger å straffe meg.

For det er virklegheita som gjeld for meg og ikkje ei idealverd.