Ringnotsnurparen «Malene S» og reiarlaget Skårungen II er i spel, der råderetten over store verdiar har utløyst ein tydelegvis bitter strid blant familiemedlemer.

Like eins er det vel kjent at reiarlaget Johrema SD har vore arena for ein liknande strid, der aktørane sto mot einannan om framtida til reiarlaget, og snurparen «Vestviking». Så langt eg kjenner til, så har denne striden no fått sin ende, og båten er atter i drift med det nye namnet «Harald Johan».

Uopprettelege skadar

Eg er ikkje i nærleiken av å vite kven som har/hadde rett, og kven som ikkje måtte ha det. Berre det faktum at advokatar og rettsinstansar har vore involvert tyder på at desse sakene har vore alt anna enn enkle. Ein må vone at saker og ting løyser seg, og at dei eventuelle vinnarane kan vise til ein endeleg, og ikkje minst rettvis dom. I den grad slike måtte finnast.

Men eg er stygt redd for at uansett utfall, så er skaden skjedd. I aller verste fall er han uoppretteleg. Sysken, foreldre, born, kusiner, fetterar, og etterkomarar elles, som tidlegare har vore verdas beste vener møtest der dei aldri skulle ha hamna: I ein rettssal!

Væpna med skarpskodde og dyre advokatar står dei uforsonleg mot einannan i krangel om det som var livsverket til ein far eller bestefar. Eller mor eller bestemor for den del. Til sjuande og sist fell det ein rettskraftig dom, verdiar blir fordelt slik eller slik, nokon står som sigerherrar og andre sleikjer såra.

Men det som tidlegare var ein harmonisk familie, er ikkje lenger det. Såra er djupe! Dei kan nok plastrast, men det vil ta tid før dei er grodde. Om dei i det heile blir det.

Toppen av isfjellet?

Kanskje – og no ber eg alle Gudar om at eg tek feil – så er dei to ovannemnde døma berre toppen av isfjellet. At det i mange reiarlag rundt om i landet kan vere duka for liknande konfliktar. Talet på eigarar i eit reiarlag har ete på seg opp gjennom generasjonane, der nokon er aktive i drifta, andre ikkje.

Deltakarlova spelar inn, og generasjonsskifta har ikkje vore gjennomførte i ynskjeleg grad. Kanskje murrast det i rekkjene om gratispassasjerar, eller omvendt; om for liten innflytelse på avgjerder. I mellomtida har verdiane gått til himmels. Og så ein vakker dag smell det:

Ein eller fleire slektningar som framleis er inne på eigarsida, kjem med fylgjande beskjed: «No finn eg/vi tida inne til å få realisert det vi eig i klingande mynt. Kom med pengane»! Dermed har ein det gåande.

No er det vonleg slik at eigarar kan løysast ut innanfor eit nokolunde edrueleg budsjett, og at prosessen føregår i venskapelege former. Men no etter kvart er det gjerne snakk om så store verdiar at ein reelt sett berre har to alternativ: Anten låne seg langt ut i gjeldsslaveriet, eller selje heile herlegheita.

Med ein ikkje usannsynleg tur innom ymse rettsinstansar, der alle til sjuande og sist blir taparar.

Slike ting kan førebyggjast

Eg er verken jurist eller økonom, og skal ikkje oppkaste meg til dommar i dei ymse sakene. Men det er mi von og tru at slike ting kan førebyggjast, og løysast i forståing med alle involverte partar. Det skjer ikkje i ein rettssal.

Det bør skje rundt eit kjøkkenbord, der alle får kome med synspunkta sine, og alle eventualitetar kjem opp i dagen. Strategiar for framtidig drift blir lagde, og ein finn ut kva reiarlaget kan bere, målt i dei pengesummar som må til for å tilfredsstille dei som vil trekkje seg ut.

Dei nysteikte vaflane og kaffien smakar fortreffeleg, og diskusjonen går. Saktens kan det vere at ei og anna røyst hevar seg, men mor er vel van med å roe gemytta.

Ynskjetenking?

Rekneskapsførar og revisor må gjerne vere til stades, og for så vidt ein jurist som kjenner dei lovmessige irrgangane. Det heile føregår med DET store, overordna målet for auge: At ein skal kunne møtast i det framtidige utan agg og såre kjensler, vel vitande om at harmonien i familien lever i beste velgåande.

At ein kan gå i si grav med alt oppgjort, aller helst med båt og reiarlag framleis i full sving. Og ikkje minst at ein kan snakke med kvarandre utan å gå vegen om ein dyr advokat.

Eg er klar over at dette høyrest roseraudt ut, og kanskje i overkant naivt. Men til dei som måtte stå i fare for å hamne i ein opprivande familiestrid: Prøv i det minste kjøkkenbordet før kursen blir sett mot rettssalen!