Hardangerfjord Villfisklag er ein interesseorganisasjon for elveeigarlag og jakt- og fiskelag i kommunane kring Hardangerfjorden. Saman med ei heil rekke av medlemslaga, og andre lokale og regionale organisasjonar, har laget sendt brev til Fiskeri- og havminister Bjørn Selnes Skjæran, med krav om stopp i fisket etter brisling og freding i ti år i dei indre delane av Hardangerfjorden.

Bakgrunnen for kravet er den forvaltingspraksisen ein ser har fått utvikle seg, der Fiskeridirektoratet set faglege råd til sides for krav frå næringsaktørane, fiskarorganisasjonane og industrien.

Brislingfisket i fjordane våre har ei lang og rik historie. Eit fiske som gav grunnlag for ei lokal verdiskaping av stor betydning langs fjorden ved hausting og foredling av sterke bestandar. Slik er det diverre ikkje lenger.

Sven Helge Pedersen i Hardanger Villfisklag. Foto: Kjersti Sandvik

Forvaltingsråda sett til sides

Havforskingsinstituttet gjennomfører årlege tokt på oppdrag Fiskeridirektoratet for å kartlegge bestanden av brislingen i fjordane våre. Dette dannar grunnlaget for det rådet instituttet gir forvaltinga før fastsettinga av ein årleg fangstkvote. Dei to siste åra har dette rådet vore på 240 tonn brisling i Hardangerfjorden.

Både i 2020 og 2021 vart Havforskingsinstituttet sitt forvaltingsråd sett til sides. I 2020 vart kvoten meir enn dobla til 500 tonn, alt fiska i Granvinsfjorden og i 2021 vart kvoten til slutt nærast tredobla til 700 tonn. I 2021 gjekk det meste av fisket føre innan eit avgrensa område i Ulvik- og Osafjorden.

Ein nøkkelart

Brislingen er ein nøkkelart i økosystemet og avgjerande for mange av artane av anna sjøfisk, for sjøaure på beite i fjorden, fugl og dyreliv. Vi ser at det er stor skilnad på sjøauren si overleving og kondisjon mellom år med mykje og lite byttefisk. Sjøauren si evne til å tole lakselus frå oppdrettsnæringa er såleis avhengig av kor mykje brisling og tobis det er tilgjengeleg.

Tilgangen på byttefisk har også stor verknad på kor mykje torsk, lyr og andre populære artar i rekreasjons- og næringsfisket som er i fjorden og deira veksthastigheit. For sjøfuglane er situasjonen svært kritisk. Desse er øvst i næringskjeda og har fått merke negative utslag i økosystemet fyrst og sterkast.

Liten økonomisk betydning

Den næringsmessige betydninga av brislingfisket i fjordane er liten. Argumentet frå forvaltinga for ikkje å vurdere stopp eller i det minste å fylgje forvaltingsråda, er at det er eit historisk viktig fiske og at det handlar om å halde i hevd ein historisk viktig kultur. For innbyggjarane kring Hardangerfjorden har Fiskeridirektoratet sin forvaltingspraksis ført til tap av eit rikt fjordfiske. Også det av historisk viktig verdi, som kjelde til matauk og for mange til lokal bulyst og trivsel. Sterke og haustbare bestandar av sjøfisk og sjøaure vil ikkje minst også være viktig for den lokale reiselivsnæringa.

Krav om freding

Vi krev no ei radikal endring i forvaltinga av brislingbestanden i Hardangerfjorden. Ei omlegging der fokuset ikkje er retta mot dei marginale næringsmessige fylgjene dette fisket har i dag, men prioriterer dei positive fylgjene ein sterk brislingbestand vil ha for eit samla fjordmiljø med fisk, fugl og sjødyr.

Med ei slik omlegging av noverande praksis, vil det etter ein fredingsperiode være mogleg å forvalte brislingen og andre artar som er avhengig av den, på eit heilt anna bestandsnivå. Det vil være ei genuint berekraftig økologisk tilnærming i forvaltinga og det vil også være økonomisk gunstig på sikt.

Hardangerfjord Villfisklag krev difor at forvaltinga ikkje opnar fisket etter brisling i 2022 i Hardangerfjorden og at det snarast råd vert innført ei freding av brislingen på minst ti år i indre deler av Hardangerfjorden.