Ikkje berre går dette utover den daglege drifta, det går òg utover evna til å vekse, fornye og utvikle seg.

Olve Grotle er fiskeripolitisk talsperson i Høyre Foto: Anders Furuset

Det siste halve året har eg besøkt bedrifter over heile landet, og fått innblikk i mykje av det positive og innovative som skjer.

Under desse besøka brukar eg alltid å spørje kva utfordringar dei har, og om det er noko eg som politikar kan bidra med.

Vanskar med å rekruttere

Svara eg får er ofte knytt til generelle rammevilkår for næringslivet, gjerne kombinert med lokale uløyste oppgåver.

Ein av dei tinga som nesten alltid kjem opp er vanskar med å rekruttere kompetent arbeidskraft, og frykt for at dette kjem til å bli endå vanskelegare. Det er spørsmål eg kjenner igjen, og som eg meiner er noko av det viktigaste vi politikarar kan arbeide med.

Dessverre er det ingen grunn til å tru at dette vil betre seg i framtida. Tvert om. Ser ein talet på arbeidstakarar som går av med pensjon dei neste tiåra, og samanliknar det med talet på dei som skal inn i arbeidslivet, er konklusjonen klar; det vil bli store utfordringar å få ta i arbeidskraft både i privat og offentleg sektor i åra som kjem.

Problema gjer seg òg gjeldande i sjømat-næringane våre. Innanfor fiskeri, fiskeindustri, havbruk, leverandørindustri og salsaktivitet er det mange bedrifter som slit med å få fylt stillingane sine, og det er all grunn til å tru at desse næringane òg vil få aukande utfordringar.

I tillegg til dette kjem at dei framover vil måtte skaffe seg breiare og heilt ny kompetanse, gjerne frå fagdisiplinar som desse næringane har lite av i dag.

Fleire i arbeid

Spørsmåla er kva ein kan gjere med dette? Svara er ikkje lette, men eg vil peika på nokre av dei viktigaste tinga.

Noko av det mest openberre og sentrale er at vi må få alle som kan inn i arbeidslivet. Talet på registrerte arbeidsledige er i dag historisk låge. Det er sjølvsagt flott, med dette gjer òg talet på aktuelle medarbeidarar for bedriftene mindre.

Skal vi greie å få fleire i arbeid, må vi derfor gjere ein ekstra-innsats retta mot dei som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet, men som ikkje er registrert som arbeidssøkar. Solberg-regjeringa sette derfor i verk fleire tiltak for å få alle med (rest-) arbeidsevne inn i arbeidslivet, og dette må nå følgjast opp.

Ikkje berre vil det kunne gi ein stor samfunns-vinst, det vil òg ha svært mykje å seie for den enkelte.

Skal vi greie å skaffe arbeidskrafta sjømatnæringane spør etter, må vi ha utdanningar tilpassa dette behovet, og vi må ha gode etter- og vidareutdanningstilbod. Skal vi greie å sikre arbeidskraft til distrikta våre, kor sjømatbedriftene i stor grad er lokalisert, må vi òg kunne tilby relevant desentralisert og fleksibel høgare utdanning.

Men det er ikkje nok. Vi må òg stimulere unge til å søkje seg til desse flott næringane. Derfor reagerte eg svært negativ då dagens regjering ville fjerne Solberg-regjeringa sitt forslag om å gjere Gamvik-ordninga nasjonal.

Heldigvis fekk SV ordninga inn att i statsbudsjettet, og det ligg nå til rette for at unge jenter og gutar langs kysten kan få vere med på denne populære sommarfiskejobb-ordninga.

Stempelet «Norges farlegaste yrke»

For tida er det god lønnsemd i sjømat, rett nok med fleire unntak i fiskeindustrien. Gode tider gir rom for gode inntekter, noko som sjølvsagt er ein vesentleg faktor for evna til å rekruttere nye medarbeidarar.

Heldigvis har dette òg blitt godt kjent, og eg må seie at det – på alle måtar – har gleda meg å sjå fleire medieoppslag den siste tida om fiskarar som tener godt. Det å ha god lønnsemd er altså ein verdi i seg sjølv for å rekruttere folk til bedriftene våre.

Sjømatnæringane må derfor òg av denne grunn ha føreseielege, gode og stabile rammevilkår.

Gode, trygge arbeidsvilkår og godt arbeidsmiljø er i dag ein sjølvsagt ting, og dette vil bli endå viktigare framover.

Forutan dei menneskelege tragediane ved død og ulykker, er det derfor avgjerande at fiskeria kvittar seg med stempelet som Norges farlegaste yrke. I eit innlegg i Fiskeribladet i vinter tok eg til orde for å fastsette ein visjon om at ingen fiskarar skal omkomme på sjøen i framtida, og eg må seie det var fint så sjå at Stortinget i mars slo fast ein slik nullvisjon.

Vi treng fleire kvinner i fiskeria våre. Derfor er det heilt øydeleggande at det skjer trakassering og ufin framferd overfor kvinnelege medarbeidarar. Sjølvsagt gjeld dette ikkje det store fleirtalet, men dei mange varsla sakene viser at dette må takast på det største alvor.

Forbetra regelverk

Vi kan ikkje få fleire slike saker, og vi har alle eit ansvar for at dette ikkje skjer.

Skal vi greie å skaffe arbeidskraft til næringslivet vårt må vi òg tore å prioritere. Vi kan ikkje lenger ha ein stat som eser ut, på kostnad av det vi trass alt skal leve av i framtida.

Vidare må vi forenkle og forbetre regelverka våre, slik at det blir lettare og raskare å rekruttere både norske medarbeidarar og arbeidskraft frå andre land

Fiskeri- og havbruksnæringane er ein berebjelke i landet vårt på alle måtar.

Potensial for ytterlegare vekst, verdiskaping og aktivitet er òg enormt. Skal desse fantastiske næringane lykkast i framtida, må vi greie å skaffe god og kompetent arbeidskraft.