«Med lov skal landet byggjast og ikkje med ulov øydast», står det i Håvamål.

Nå har myndigheitene bestemt å innføra eit nitidig sporings- og rapporteringskrav for den minste sjarkflåten. Inga anna yrkesgruppe i vårt land vil vera mistenkte for kriminalitet og overvaka døgeret rundt som småfiskarane.

Knut Vadla, fiskarbonde, lærar, blåskjeldyrkar Foto: Privat

Den store kriminaliteten starta i trålarflåten, kor dei tok til å selja kvotane dei hadde til låns av fellesskapets ressursar. I kjølvatnet av dette har dei tilrana seg styringa med halvparten av den norske fisken. Dei har blitt våre oligarkar. Det talast det ikkje om.

Alle veit at me har ikkje lov å selja det me har lånt. Det desidert største ran i Noreg si historie, ligg altså i dag til grunn for norsk fiskeripolitikk, med dei konsekvensane det har fått. Ressursane kystens folk har like utafor stovedøra er rana frå dei.

Om ikkje våre sryresmakter er seg sitt ansvar bevisst, vil vår kystkultur om kort tid vera utradert.

Med ein kystnær sjarkflåte kunne me ha drive eit langt langt billigare og meir miljøvennleg fiske, teke på land langt langt meir fisk enn me gjer i dag, - kanskje som estimert, seks 6 gonger så mykje.

Det ville dessutan gitt livsgrunnlag for tusenvis av arbeidsplassar og mange fiskevær langs vår langstrakte kyst. Det er ingen heimel i lov for innføring av kjøp og sal av fiskekvotar. Fisken er folkets eigedom.

Det er gjort ein feil. Våre styresmakter har overlatt roret til piratar. Blir ikkje denne feilen retta opp, er norsk fiskeriallmenning tapt for all framtid. Dersom me framleis vil vera eit demokrati, må staten ta tilbake styringa med fiskekvotane og låna dei ut gratis; dette til beste for kysten og heile det norske folk.

I 1996 skriv Bjørn Tore Forberg i bladet Fiskaren. Han talar med formannen i Norges Kystfiskarlag Steinar Friis, som står i rorhuset på sin sjark og seier:

« Det er tøv å snakke om overkapasitet i kystflåten. Om det er vilje til å tenke ressurs, arbeidsplasser, trivsel og verdiskaping, da har vi plass til 20.000 nye kystfiskere i Norge. Tyve tusen.»

«Det er ikke vanskelig å se at vi for tida blir overkjørt av Maråk og Co. av Røkke og SND. Men likevel er jeg optimist. Jeg tror dette med de voldsomt store og integrerte enhetene er en forbigående filosofi.

På litt sikt tror jeg det vil gå opp for alle hva såkalt bærekraftig forvaltning egentlig er. Det er kunsten å fiske samtidig som fisken får sjanse til å fornye seg. Det er kystflåten nærmere til enn havfiskeflåten. I tillegg til ressursen , handler det om trivsel arbeidsglede og helhet.»

«Kystflåten er kapitalvennlig, Kystflåten er effektiv på en ressursvennlig måte. Sikkerheten er god og sysselsettingen er stor. Vi leverer fisken så langt opp mot den originale kvaliteten som det går an. Det er et fint liv, dette. Sjarken kan ikke tømme havet. Det er en skam det som har skjedd i reguleringene av de minste fartøyene. Det er et hån mot folk.» (red.anm. sitat fra nevnte artikkel)

Alt i 2008 kom ein rapport frå FN-organisasjonen UNEP (United Nations Environmental Programme) «In Dead Water» som beskriv botntråling som den mest destruktive fiskemetode som finst, Trålinga blir av forskarar karakterisert som den største trusselen mot det biologiske mangfaldet i havet. Rapporten tilrår overfor FNs generalforsamling eit globalt forbod mot tråling.

I mars 2021 kom ein ny rapport, publisert i bladet «Nature» som viser til at dei tunge tråldørene og trålposen pløyer opp sedimenta i sjøbotn og derigjennom slepp ut like mykje CO₂, som all verdas samla flytrafikk.

Norge er ein av verstingane og slepp ut 26 millionar tonn CO₂, gjennom trålfiske. Som den store fiskerinasjonen Norge er, må me stå fram og visa veg. Eit meir kystnært miljøvennleg fiske vil vera ein vinn vinn situasjon, som også vil gi tusenvis av nye arbeidsplassar.

Ingen ting vil vera meir rekningssvarande enn ei optimalt berekraftig forvaltning av havet. Hugs at før oljealderen stod fisken for 80 % av vår eksport.