Tidlegare leiar av Noregs Fiskarlag Reidar Nilsen (74) og sonen, Remi Andre Nilsen (43), omkom på havet helga den 7.–8. januar. Sjarken deira havarerte på veg frå heimstaden Hasvik til Tanafjorden for å fiske etter kongekrabbe.

Nok ein gang har ektefelle/sambuar, barn, barnebarn, familie og venner av fiskarar fått den verste beskjeden ein kan få.

Olve Grotle, stortingsrepresentant (H), Næringskomiteen, fiskeri- og havbrukspolitisk talsperson Foto: Privat

Sjølv har eg heldigvis aldri blitt utsett for slike tragediar, men eg har – som mange barn av fiskarar – kjent på uroa når far min var på fiskefelta og eg visste det var storm og kuling der ute.

Angsten for å misse far

Og reiv og sleit styggevêr og vindkast på same tid i huset heime, kunne angsten for å misse faren på havet lett gripe tak i ein liten gut. Kanskje er det derfor eg er lettrørt når eg ser bilde på fjernsyn og aviser frå dramatiske redningsaksjonar til sjøs. Og ser eg tilfeldigvis ei redningsskøyte ein eller annan stad, blir eg litt varm inne i meg.

Eg er frå Bremanger i Sogn og Fjordane, og gamal nok til å hugse den alvorsame og uhyggelege stemninga i lokalsamfunna då linebåten «Seilfjell» frå Silda i (dåverande) Vågsøy kommune gjekk ned i storm på Vikingbanken i januar 1971.

Ni mann omkom – seks av dei frå den vesle øya Silda, og alle var i familie med kvarandre. Dei andre tre var frå Runderheim i dåverande Selje kommune.

Forliset gjorde eit sterkt inntrykk ikkje berre lokalt, men i heile fiskeri-Norge. Og eg kan framleis hugse timane og dagane etter båten var sakna, kor håpet om å finne overlevande blei mindre og mindre – til det ikkje lenger fanst.

Seilfjell-forliset

Sjølv om det i 1984 blei funne vrakdelar frå båten på 370 meters djup nordvest av Utvær fyr i Solund, har ein ikkje greidd å få heilt avklart kva som skjedde denne fryktelege januardagen 13 år tidlegare.

Det er ein skjebne Seilfjell-forliset delar med andre forlis, der etterlate i tillegg til den tunge sorga òg må leve med ei vond uvisse om korleis livet til sine kjære tok slutt.

Heldigvis har talet på døde og skadde i fiskerinæringa går ned med åra, og nokre år har vi til og med ikkje hatt eit einaste dødsfall.

Det skuldast mange ting, ikkje minst den store innsatsen fiskarane og næringa sjølv har gjort for å førebygge ulykker og dødsfall. Trass dette er talet på fiskarar som misser livet under utøving av yrket sitt, framleis urovekkande høgt.

I perioden 2009–2018 omkom det i snitt seks fiskarar i året. Det gjer fiskaryrket til det farlegaste yrket vi har i landet, og særleg er det fiskarar i sjarkar som er utsett.

Gjer vi nok?

Alle som har litt erfaring med hav og sjø og kreftene som rår der, skjønar at risiko for havari, ulykker, skader og død kan bli stor når elementa spelar opp. Og kanskje vil vi heller aldri greie å fjerne all risiko – trass stadige meir sjøsikre båtar, tryggleiksutstyr, navigasjonssystem, redningstenester, godt sjømannskap og fokus på tryggleik.

Seks dødsfall i året synest eg likevel er veldig høge tal, og utanfor det eg forstår vi kan slå oss til ro med. Kan det vere at vi ikkje gjer nok? Kan det vere at vi treng eit endå større fokus på tryggleiken til fiskarane våre? Og kan det rett og slett vere slik at det heng igjen ein slags aksept at havet gir og tar?

Uavhengig av grunnane til at det framleis dør mange fiskarar kvar år; tida er nå inne til å lansere ein null-visjon, slik vi har i trafikken.

At samfunnet vårt etisk og moralsk ikkje lenger skal godta alle desse yrkesrelaterte dødsfalla, og at vi fastset ein visjon om at det ikkje skal omkomme ein einaste fiskar i framtida.

Null-visjon

Ein slik null-visjon krev eit langsiktig, systematisk og målretta arbeid av alle aktørar som påverkar tryggleiken til sjøs, og vil gjennomsyre alt vi gjer når vi dei neste 10-åra skal vidareutvikle, modernisere og forme fiskerinæringane våre.

Fiskeria våre gir samfunnet vårt enorme verdiar kvar einaste år, både i form av mat, aktivitet langs kysten og i reine pengeinntekter. Berre i fjor eksporterte vi for eksempel torsk for 9,8 mrd. kroner, makrell for 5,9 mrd., sild for 4,2 mrd. og sei for 2,5 mrd.

Og potensialet for vidare vekst er til stades. Saman med havbruk, eksporterte landet vårt 3,1 millionar sjømat for nesten 121 mrd. kroner i fjor, og spørsmålet er nå berre kor tid fisken tar igjen oljen.

Med dette bakteppet skulle det berre mangle at samfunnet nå gjer det ein kan for fiskaryrket ikkje lenger skal vere eit farleg yrke.

Truleg vil det òg vere nødvendig skal vi greie å rekruttere gutar og jenter inn i denne flotte og framtidsretta næringa.

I Hasvik har dei mista to flotte og staute fiskarar. Eg kan vanskeleg tenkje meg ein betre måte å heidre desse og andre omkomne fiskarar, enn å seie at ingen skal døy i ein fiskebåt i framtida.