Sigrid Margrethe Hoddevik Losnegård er 1. nestleiar i Vestland Natur og Ungdom

Natt til 7. januar arrangerte Gloppen Natur og Ungdom i Førde og ein plakataksjon ved rådhuset i Førde. Plakatane har som overskrift «Norske fjordar er ingen søppelplass!», og under står det:

«I Sogn og Fjordane og Finnmark vil gruveindustrien dumpe millionar av tonn med giftig gruveavfall i de reine fjordane Førdefjorden og Repparfjorden.»

Norge, eit av to land

Vidare står det at «Norge er et av fem land i verda som lar gruveindustrien kaste avfallet sitt på sjøen.». Sjølv om desse plakatane er nokre år gamle, vil gruveindustrien i Noreg framleis dumpe i fjordane våre. 250 millionar tonn i Førdefjorden og 30 millionar tonn i Repparfjorden.

Heldigvis har Natur og Ungdom sin protestleir skremt vekk verdas største koparselskap frå avtalen oppe i nord, men Førdefjorden er framleis truga. Norge er eit av fem land som tillèt sjødeponi, men Noreg er eit av to land som vil halde fram med dette, og gi ut løyver til ny gruvedumping. Chile har ei gruve som skal stoppe dumpinga innan 2023, Tyrkia og Indonesia fasar ut dumpinga.

Då er det berre Norge og Papua Ny-Guinea att.

Staten har svikta oss

Det ein kan sjå med denne utviklinga er to ting: Fokuset på berekraftige hav veks kvar dag, og Norge heng etter. Staten har svikta oss så langt i denne saka. Dei førre regjeringane våre ville ikkje sjå problematikken med å øydelegge fjordane våre (sjølv om Erna var vår sokalla «Havets beskyttar»), men forhåpentlegvis forstår Jan Christian Vestre og resten av regjeringa at denne gongen kan dei ikkje ignorere oss.

Med mindre Ivar Fossum i Nordic Mining ein dag vaknar og innser kva han er villig til å setje på spel, er regjeringa nøydde til å handle no, og dei må handle riktig!

Sjølv om Olve Grotle i Høgre er glad i å seie at det er for seint, er det ikkje det. Norge, eit av verdas rikaste land, har ressursar og alternativ til gruveindustrien som vil vere meir lønsame i lengda, og som ikkje skadar naturen vår.

La fjorden vere ein stad for fisk, for tang og tare, for born som vil leike i fjæra og ungdommar som vil stupe frå kaia. Og ikkje minst: la den berekraftige millionindustrien som er avhengig av ein frisk fjord vekse.

Kortvarig profitt

Forutan alle arbeidsplassane og omdømmet vårt som er knytt til fjordane våre, er det eit generelt prinsipp vi snart må lære oss: ein kan ikkje velje kortvarig profitt framfor livsgrunnlaget vårt. For det er det dette prosjektet går ut på.

Lovnadane om arbeidsplassar som skal gjere at ungdommar som oss flyttar tilbake til bygdene våre, har eg inga tru på. Men eg har trua på at dersom regjeringa og kommunen vel å verje naturen vår, vil det freiste for mange fleire enn berre meg sjølv å kome attende til distriktet etter fullførte studie. (Det kan Sunnfjord kommune og Vestland fylke notere seg også!)

Til slutt: Vi er på randa av ei klima- og miljøkrise, og vi kan ikkje løyse desse katastrofane utan rein og frisk natur. Eg og venene mine i Gloppen NU demonstrerer fordi vi veit at kommunen sit på løysinga til dette problemet. No krev vi at dei høyrer på innbyggjarane sine, og ungdommen spesielt, som fortel at vi vil halde fjorden vår rein.