Fiskeri- og havministeren Bjørnar Skjæran (Ap) vil ikkje gje fiskarane einerett på havet, og statsråden meiner at Norge vil bli eit fattigare land dersom vi skal satse berre på fiskeri og havbruk, og ikkje satse på havvind og gruvedrift på havbotnen.

Slik står det blant anna i ein artikkel publisert i Fiskeribladet den 3. desember.

Knut Arne Høyvik, fiskerirådgjevar i Motvind Nordvest Foto: Privat

Det er kanskje nokre som har teke eit prinsipielt standpunkt mot havvind, men dei største organisasjonane Fiskebåt og Norges Fiskarlag, har ikkje på noko tidspunkt teke til orde for at fiskarane skal «eige» havet og ha det for seg sjølve. Det har heller ikkje Motvind Nordvest gjort krav på.

Underteikna har også skrive nokre artiklar om saka, med det som utgangspunkt at regjeringa må lage ein samla plan, der vindindustri ikkje blokkerer viktige fiskefelt og gyteområde.

Det er noko heilt anna enn å gjere krav på eigarskap eller einerett til havet.

Oljeindustrien vann alltid

Men nesten alle som har ytra seg om temaet har gjort krav på at det blir laga ein samla plan for bruken av havet, noko anna vil vere uansvarleg – og det hastar.

Når eit arbeid med ein slik samla plan ikkje er i gang, luktar det trøbbel på havet.

Vi som har levd ei stund var faktisk på havet midt på 1970-talet når oljeindustrien med stor fart bevega seg nordover i Nordsjøen.

Når ei arealkonflikt toppa seg, så vann sjølvsagt oljeindustrien alltid.

Når utbygging av havvind blir ein veg som blir til medan ein går- utan ein samla plan- er risikoen veldig stor for at heile fiskerinæringa kjem til å tape areal igjen.

Polarisert debatt

Utbygging av havvind er ikkje lønnsamt, men staten er villig til å bruke enorme milliardbeløp på utvikling av ein slik industri. Då kjem tunge kapitalinteresser på bana, og høgt gasjerte lobbyistar finn vegen til dei politiske korridorane.

Kapitalistar liker i utgangspunktet ikkje den store staten – men når store investeringar blir betalt av den same staten, veks køen utanfor døra til Finansdepartementet. Å bygge vindindustri til havs, betalt av staten på vegner av det norske folk, gjev lite risiko for dei som vil investere.

Men det er med denne debatten som med mange andre debattar, den blir polarisert. Når fiskarane ber om å få skjerma viktige fiskefelt og gyteområde, så tolkar statsråden det visst som eit krav om at fiskarane krev eigarskap eller einerett til havet.

Verken Motvind Nordvest, Fiskebåt eller Norges Fiskarlag har sett fram eit slikt krav.

Det som derimot er eit krav, og som er nedfelt i norsk lov- er at det blir gjort grundige undersøkingar av konsekvensane av det som blir planlagt, og at føre-var-prinsippet skal gjelde, før det blir gitt konsesjonar.