Største kontraktør er Universitet i Bergen. Det første kurset er i gang i desse dagar og er eit feltkurs om årsaker, konsekvensar og løysingar på klimautfordringane.

Dette skjer seglande mellom Curaçao via Kingston til Havanna om bord på skipet, med studentar og lærarar som mannskap på dekk i regulær vaktordning, og med hengekøye på banjerdekk som innkvartering.

Amund Måge, Marin direktør UiB Foto: Privat

Nærare 400 søknader

Det første kurset er leia av professor Kerim Nisancioglu frå UiB, i samarbeid med mange andre institusjonar. Det neste, og langt meir omfattande kurset vert leiar av førsteamanuensis Katja Enberg på Institutt for biovitskap.

Dette kurset går frå 1. mai 2022 til slutten av august, nærare fire månader og har koden SDG200, Hav-klima-samfunn: Semesteremne i berekraft — og skal skje om bord på Statsraaden frå Valparaiso i Chile via ei rad stopp i Stillehavet til øystaten Palau.

Her var det 70 studieplassar, og det kom inn nærare 400 søknader. Det er tydeleg at mange unge studentar gjerne vil vere med på dette eventyret, og det blir ein finsikta gjeng som får plass til slutt. Det blir eit minne for livet, og samtidig ein stad å fordjupe seg i spørsmål om hav og berekraft.

Samarbeidsprosjekt

Forskingsskipet er nemleg i eit stort samarbeidsprosjekt med mange aktørar i Bergen, og Havforskingsinstituttet har utrusta Statsraaden til å verta tilnærma eit fullt forskingsfartøy for denne 18 månader lange jordomseglinga. Undervegs vert geofysiske data registrert, det er ekkolodd for å studere fiskebestandar, det er måling av forsuring, moglegheiter for prøvar til mikroplast og så bortetter.

Dette gir data til masterstudentar som er med på etappar undervegs — og kanskje kjem det ut større forskingsartiklar når alle dataene er samla inn? Alle data frå målingane vert samla i Norsk Marint Datasenter til forskingsformål og samstundes fylgjer både BT og Akvariet i Bergen jordomseglinga live.

Denne jordomseglinga er prøvd å vera halden i tråd med miljøet og har fokus på berekraft. I tråd med dette er jo sjølve framdrifta med segl, som var vindkraft lenge før berekraft vart eit omgrep. I tillegg er det installert elektrisk framdrift på skipet i tillegg til dieselmotor og segl.

Det vil verte gjort eit klimarekneskap for seglasen som tar omsy til at det vil vere på og avmønstring av mannskap og medseglarar for utan eit visst klimavtrykk let det seg ikkje gjere.

New York i jula

Det vert no arbeidd intenst med også å lage gode arrangement på land. I jula vert skipet liggjande i New York og UiB vil blant anna ha den som ein plattform for presentasjonar på to opne dagar og ein vindkraftkonferanse i samarbeid med Havforskingsinstituttet og andre aktørar.

Slik vert skipet også ein omseglande ambassadør for norsk forsking. På strekket mellom Miami og New York vil det verte arrangert ein norsk-amerikansk workshop med marine tema, blant anna om plast arrangert av norske forskingsinstitusjonar.

På mange av strekningane vil det i tillegg til forsking vera ulike kurs som er opne for påmelding. Kva med eit leiarkurs mellom Shanghai og Hongkong? Dette kurset er organisert av Bergen Næringsråd og går i september neste år.

Vi håpar at denne satsinga verkeleg kan bidra til både folkeopplysning om havet og få forvaltning av havet høgare på dagsorden. Det er også eit godt høve til å synleggjere forureining og dei problema deg medføre, og det set bokstavleg talt Bergen på kartet rundt om i verda.

Og ikkje minst, det vil gi minner og venskap for livet for dei som er så heldige å få vere med.