Den tyske ubåten U-864 hadde inntil 67 tonn kvikksølv om bord då han vart senka vest av Fedje i 1945. Vraket ligg på om lag 150 meters djup, og sjøbotnen rundt er sterkt forureina av metallisk kvikksølv.

For å sikre at det stadig er trygt å ete sjømat frå området, sjekkar Havforskingsinstituttet kvart år innhaldet av kvikksølv i fisk og krabbe fiska rundt vraket. Dei undersøker også referanselokalitetar fire nautiske mil nord og sør for vraket. Dette er gjort sidan 2005, skriv instituttet på sine heimesider. .

I 2020 analyserte forskarane filet av 75 brosmer, og klokjøt og innmat av 75 taskekrabbar.

Tolv brosmer hadde kvikksølvnivå over grenseverdien som er sett for mattryggleik i EU og Noreg. Seks av dei var tatt ved vraket, fem sør for vraket og éin nord for vraket.

– Når storleiken på fisken vart tatt høgde for, var ikkje konsentrasjonane målt i 2020 høge samanlikna med tidlegare år, seier forskar Sylvia Frantzen i meldinga.

Gjennomsnittleg kvikksølvnivå i krabbar fanga ved vraket av U-864 var forholdsvis lågt i 2020 samanlikna med mange tidlegare år. Dette kan skyldast at prøvane dette året vart tatt allereie tidleg i mai.

Klokjøt av krabbar hadde eit kvikksølvnivå godt innanfor grenseverdiane for mattryggleik, og det var ingen forskjell mellom dei tre lokalitetane, melder Havforskingsinstituttet.