I ei pressemelding opplyser Fiskeridirektatet at dei i ein nyleg fellesaksjon med Kystvakten og Statens naturoppsyn (SNO) i Vestland, beslagla 58 ulovlege fiskereiskapar.

Det var frå Måløy-området og sørover til Fensfjorden i gamle Hordaland at aksjonen vart gjort. Direktoratet meiner mange av beslaga ber preg av manglande kunnskap blant fritidsfiskarane.

Feile fluktopningar

– Vi ser alt for ofte at vi tar beslag i teiner som tilsynelatande kjem rett frå butikken og der fluktopningar er feil eller blokkert eller det manglar rømmingshol. Alle som skaffar seg reiskap som til dømes teiner, ruser og garn må sørge for at dei er oppdaterte på regelverket, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest.

I løpet av dei fire dagane aksjonen gjekk føre seg vart det beslaglagt i alt 54 teiner, 3 garn og ei ruse. Det er innlevert 14 anmeldinger.