Fuglefjellet på Vedøya utanfor Røst står heilt tomt for fugl andre år på rad. Dei kjem tilbake til same stad kvart år, og det er forsvinnande få igjen. Ein gong heldt den største kolonien av sjøfuglane krykkje og lundefugl i Europa til her. Forskarane seier problemet er globalt, melder NRK.

Dei to fuglane har liknande livsløp. Dei legg få egg og dei seinare åra har det vore færre enn ein unge per reir.

Seniorforskar frå Norsk institutt for naturforsking (NINA), Tycho Anker-Nilssen, seier til NRK at dei følger krykkjene med GPS. Han fortel at no flyr fuglane 150 km utanfor kolonien for å hente mat. Då er det ikkje alltid fugleungen er i live når dei kjem att.

Han seier havtemperaturene påverkar næringskjedene. Det er ikkje havtemperaturen i seg sjølv som krykkjene reagerer på, det er tilgangen på mat, seier Anker-Nilssen.