Det har vore travle dagar for Morten Jacobsen, leiar i Vik jakt- og fiskelag, den siste halvanna veka. Sidan 35.000 oppdrettslaks rømte frå ein lokalitet i Vadheimsfjorden, har han og mange frivillige sett garn og fiska ut oppdrettslaks frå og ved elva Vikja.

Per 9. november hadde dei teke i underkant av 120 oppdrettslaksar. Selskapet som eig laksen, Aller Aqua, betalar 200 kroner per fisk som blir levert, men Jacobsen seier det ikkje vil dekkja utgiftene.

– Me har rekna oss fram til at me har brukt rundt 260 timar fordelt på 35 personar til og med 8.