Barentshavet er oppvekststaden til mange av våre kommersielt viktigaste fiskeartar. No vil HI-forskarar finne ut korleis klimaendringar kan påverke innhaldet av næringsstoff og miljøgifter i heile næringskjeda – frå planteplankton til sjømaten vi et, skriv HI på heimesida si.

Høgare temperaturar i Barentshavet gjer at arktiske fiskeslag trekkjer nordover, medan atlantiske artar utvidar leveområdet sitt nordover og austover. Fisken får nye matvanar, og det kan påverke kva sjømaten vi et, inneheld.

– Også endringar i tilførsel av forureining, lokalt og transportert via havstraumar, kan påverke kor mykje miljøgifter ein finn i fisken, fortel Monica Sanden, prosjektleiar og forskingssjef ved Havforskingsinstituttet, i saka frå HI.

Forskarane skal òg finne ut om til dømes auka temperaturar og surare hav vil påverke innhaldet av miljøgifter i fisk, og dermed kor sunn og trygg sjømaten vil vere i framtida.